Unio-leiaren sin replikk:
Klaveness med leiarskap i toppklasse
Unio applauderer fotballpresident Lise Klaveness for hennar tydelege tale og sterke kritikk av FIFA. Klavenes viste leiarskap av format då ho på FIFA-kongressen «talte Roma midt imot». Med personleg engasjement og klare argument fillerista ho FIFA-toppane og direktørane for VM i Qatar. Det blei gjort ein grov feil i 2010 då Qatar blei utpeikt som arrangør for VM i fotball i 2022!
Publisert: 8. april 2022
«Jeg reiser ikke til VM i Qatar», sa Lise Klaveness til Unio Perspektiv i 2019. Den gongen var ho direktør for toppfotball i NFF. Ho grunngav dette med at Qatar fekk tildelt arrangementet etter korrupsjon og ureglementert påverknad. Og ikkje minst viste ho til uverdige arbeidsforhold og brot på menneskerettar i arbeidet med å legge til rette for eit storstilt arrangement. «Samlet sett er dette så langt fra de verdier fotball skal fremme, at det er umulig å ikke være kritisk til dette mesterskapet», slo Klaveness fast den gongen.
Etter den tid har debatten gått heftig. Boikott har vore drøfta, men avvist av forbundstinget. Tinget vedtok likevel at NFF burde føre fram sterk kritikk, noko Klaveness har følgt opp. Også internasjonalt har kritikken vore sterk. Likevel har det lenge vore klart at fotball-VM i 2022 vil bli arrangert i Qatar. FIFA, med president Gianni Infantino, har stort sett forsvart tildelinga, og har vist til at det har vore framgang når det gjeld arbeidsvilkår og menneskerettar i Qatar. Det stemmer at det har vore ein viss framgang både når det gjeld lovgjeving og praksis, særleg for stadionarbeidarane, men det er uendeleg langt fram til akseptable standardkrav.
Nyleg kom ein ny Amnesty-rapport som understreka manglane og alvoret, og som underbyggjer Klaveness sine synspunkt. Men det ser ikkje ut til at FIFA og arrangørane evnar å sjå manglane både ved eigne vedtak og ved arrangementet. I staden møter dei Klaveness, dels med å teie, dels med å avvise argumenta. Difor blei også denne FIFA-kongressen mest ein floskelmaskin der leiarane hyllar seg sjølve, og viser til at fotballen er kameratskap over landegrenser. Det er heilt meiningslaust når ein veit at tusenvis av arbeidarar har mista livet under arbeidet med stadionanlegga, og langt fleire har lidd grov overlast av mange slag.
Då FIFA i 2010 bestemte at fotball-VM i 2022 skulle arrangerast i Qatar, reagerte den internasjonale fagrørsla skarpt. Moderne slavearbeid er uakseptabelt, var eitt av slagorda. FIFA blei sett under press. Men det tok for lang tid før opinionen og media, både nasjonalt og internasjonalt, vakna. VM i Qatar burde ha vore stoppa. Men prestisje og pengar har vunne over fornuft. Mange er påførst store skadar.
Difor er det vanskeleg å gle seg til fotball-VM denne gongen. Men det er å håpe at Lise Klaveness sitt leiarskap, hennar mot og engasjement, vil vise veg til betre forhold neste gong.