Globalisering – godt og gale
Jakta på å heve statusen til fag- og yrkesopplæringa har pågått i meir enn 20 år. Det viktigaste politiske verkemiddelet har vore å knyte fagopplæringa tettast råd er opp til krava om studiekompetanse. Har det gitt suksess? Nei. Det har snarare vore ein tabbe.
Publisert: 28. november 2016
Kunnskapsdepartementet skal snart levere ei stortingsmelding om fagskulane. Det er bra. Men spørsmålet er om departementet vil gå nye vegar. Eller vil ein halde fram på ei løype som er godt merka, men som likevel ikkje fører til målet?
I lang tid har det kome hyppige erklæringar om kor viktig fag- og yrkesopplæringa er. Arbeidslivet treng fleire og betre fagarbeidarar, slår politikarar i alle leirar fast. Og har rett. Statusen til yrkesfaga må opp! Det blir gjentatt og gjentatt. Men status kan verken krevjast eller vedtakast. Status må opparbeidast gjennom god praksis.
Det er heller ikkje slik at yrkesfaga har låg status i alle miljø, sjølv om dei har det på Oslo vest. Mange stader rundt om i landet blir fagarbeidaren minst like høgt verdsett som akademikaren.
Vil fagskulemeldinga ta utgangspunkt i kva som trengst for å styrke dei praktiske faga, eller får vi ein slags Reform 94-kopi, der fagskulane skal gjerast til nye ”høgskular” med studiepoeng og bachelor-sjargong?
Det tragikomiske er at statusløftet for yrkesfaga, som var ein del av ideen bak Reform 94, skulle skje ved å kaste vrak på viktige element i den yrkesfaglege læringstradisjonen.
Den praksisnære treninga måtte i for stor grad vike for å gi plass til element frå den akademiske gymnastradisjonen, prega av teori og førebuing til universitetsstudiar. For mange unge har dette blitt vegen vekk frå yrkesfaga, og for somme har dette blitt ein altfor høg terskel til arbeidslivet. Også fordi dei har blitt utkonkurrert av billeg utanlandsk arbeidskraft. Læreplassar er mangelvare i fleire fagområde.
Yrkesfaga er ikkje berre viktige. Dei er heilt nødvendige, ikkje minst i det framtidige arbeidslivet. Teori trengst definitivt. Denne må forankrast i den yrkesfaglege læringstradisjonen – kombinasjonen av praksis og relevant teori under tett rettleiing og oppfølging av kyndige aktørar – i skulen eller på arbeidsplassen.
Somme har prøvd å ”fikse” dilemmaet ved å foreslå all gjennomført vidaregåande opplæring skal gi studiekompetanse. Det ville vere endå eit feilsteg, og ei svekking av både den yrkesfaglege og den akademiske utdanninga.
Begge må verdsettast. Difor er det er viktig med fornuftige overgangsordningar og påbyggingstilbod.
Nettopp det må stå sentralt i den vidare debatten både om yrkesfaga og om fagskulane.