Unio-leiaren sin replikk:

Kan sentraliseringa stoppast?

Sentralisering blir ofte omtalt som ein megatrend. Folk flyttar til byane i mange land. I Noreg er det opplest og vedtatt at vi skal ha busetnad over heile landet. Men trass i årelang politisk retorikk går folketalet ned i mange distriktskommunar. Regjeringa, særleg Senterpartiet, har lovd ein kraftinnsats for å snu utviklinga. Eller var det å bremse utviklinga, dei meinte?

Publisert: 10. oktober 2022

To forhold er avgjerande for busetnaden: Det eine er arbeidsplassar. Det andre er gode offentlege tenester. Dette gjeld i både by og bygd. Offentlege tenester er under konstant press, mest i distrikta. Der er det vanskelegast i skaffe kompetent arbeidskraft. Alle kan ikkje bu i storbyane. Det er ikkje der fisken blir fiska. Det er ikkje der maten blir produsert. Der er få fossefall. For å nemne noko av det alle er avhengige av.

Statsbudsjettet er ikkje noko løft for distriktspolitikken. Til det er kommuneøkonomien for dårleg. Det er fare for at det blir endå vanskelegare å rekruttere godt utdanna personale til utdanning- og helsesektoren. I mange distriktskommunar er nettopp arbeidsplassar innafor utdanning og helse heilt avgjerande for om folk blir eller flyttar. Kompetansearbeidsplassar innanfor andre offentlege tenester har blitt sentraliserte dei siste åra. Budsjettet ser ikkje ut til å bøte på dette.

Regjeringa hevdar at dei nye skattegrepa – særleg grunnrenteskatten- vil styrke distrikta, og slike medverke til arbeidsplassar i privat sektor. At selskapa og direktørane protesterer på den nye skatten er ikkje uventa. Dei trugar med å stoppe nye investeringar. Det trur eg i så fall er mellombels. I det lange løp vil nok investeringar kome. Det handlar om svært lønnsame næringar. Og desse og andre næringar i privat sektor er avgjerande for distrikta.

Derimot verkar den nye arbeidsgjevaravgifta lite gjennomtenkt. Kvifor skal arbeidsgjevarar betale meir til staten for dei som har ei årslønn på over 750 000 kroner? I privat sektor er det slett ikkje uvanleg at arbeidsgjevarar betaler dette og meir til for å tilsette godt utdanna og etterspurd arbeidskraft. Distrikta skrik etter kompetansearbeidsplassar både i privat og offentleg sektor. Her konstruerer regjeringa ei unødvendig barriere for slik arbeidskraft.

Regjeringa arbeider no med ei distriktsmelding. Det er bra. Her må arbeidsplassar, utdanning, helse og velferdstenester få brei omtale og følgjast opp med tiltak som monnar. Også kulturtilbod må få ein sentral plass. Biblioteka – med nye oppgåver og funksjonar – er viktige møteplassar, og spelar ei viktig rolle både med tanke på kunnskap og opplevingar. Slike tilbod lever farleg når kommuneøkonomien er trong.

Noreg har eit desentralisert utdanningstilbod. Samspel mellom utdanning og arbeidsliv må styrkast. Med eit nettverk av høgare utdanning, vidaregåande skular og fagskular med god kjennskap til lokalt og regionalt næringsliv, bør det vere unødvendig å leite etter nye konstruksjonar for denne oppgåva, slik somme ivrar etter. Ein viktig føresetnad er at fylkeskommunane får ei tydelegare rolle, og dei må prioritere å ta denne rolla.

Samstundes er det viktig å understreke at desentrale utdanningstilbod i høgare utdanning må ha dei same krav til kvalitet som blir sett i all høgare utdanning. Særleg må det leggast til rette for kvalitetsprega praksisplassar og turnusplassar.

Skal kompetanse utviklast og fornyast må dei tilsette – i privat og offentleg sektor – vere sentrale medspelarar. I så måte blir distriktsmeldinga også ein test på realitetane i den varsla tillitsreforma.

Dessutan – inga stortingsmelding kan lagast utan fokus på klima og miljø. Mykje av det grøne skiftet må skje i Distrikts-Norge.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv