Unio-leiaren sin replikk:

Ei grøn maritim framtid

Vil styresmaktene verkeleg at Noreg framleis skal vere ein maritim nasjon i verdsklasse? Dei aller fleste svarar ja. Men skal dette skje, må det meir til enn ord som prisar historia. Regjeringa har visjonar og vyar. Men no trengst først og fremst konkrete tiltak som sikrar framtida.

Publisert: 15. desember 2020

I desse dagar markerer verdssamfunnet at det er fem år sidan Parisavtalen, med sine ambisjonar for klimaet og ei grønare framtid for alle.

I så måte er overskrifta på «Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring» ekstra lovande. Meldinga blei levert i starten på desember, og er den første meldinga om sektoren sidan 2004.

Her er forsking og innovasjon, digitalisering og dialog overskrifter som pregar meldinga. I tillegg skal satsing på kompetanse og teknologi sikre ei grøn framtid for sektoren. Alt dette er bra og viktig. Men som mange andre meldingar er også denne lite konkret når det gjeld tiltak og økonomi.

Når det gjeld økonomi, blir det i slike samanhengar oftast vist til dei årlege budsjetta. Forslaget til statsbudsjett frå regjeringa var i første omgang mildt sagt lite oppløftande. Her blei det kort og godt lagt opp til å svekke rammevilkåra for norske sjøfolk, mellom anna gjennom å kvitte seg med nettolønnsordninga for sjøfolk i internasjonal skipsfart.

Etter forhandlingar mellom regjeringspartia og Framstegspartiet, er situasjonen lysare. Nettolønnsordninga blir redda og faktisk styrkt. Finansieringsordninga for norske verft blir også betra. Dermed er rammevilkåra for norske sjøfolk og dei maritime næringane betre ved inngangen 2021 enn det regjeringa foreslo. Det er positivt.

Meldinga tar ikkje stilling til kravet om norske lønns- og arbeidsvilkår for sjøfolk på norsk sokkel og i norske farvatn. Dette temaet er til behandling i eit partssamansett utval som skal levere forslaga sine tidleg på nyåret. Til sjuande og sist vil likevel resultatet vere avhengig av behandling i regjering og storting. Men at innfriing av dette kravet er overmåte viktig for framtida for norske sjøfolk, er heilt opplagt.

Dei maritime næringane er vane med ruskete ver og tung sjø. Dei siste åra har vore krevjande, dels som følgje av internasjonale konjunkturar, dels som følgje av svak politisk støtte. Likevel er dette framleis viktige og nyskapande næringar med høg verdiskaping.

Sjøfarten og andre delar av maritim sektor kan spele ei avgjerande rolle i det grøne skiftet. Det manglar ikkje på ambisjonar, verken frå styresmaktene eller frå næringane sjølve. Kompetanse er ein nøkkelfaktor for å lukkast. Difor krevst eit offensivt samarbeid mellom næringane og utdanningssektoren. I tillegg er det nødvendig med kapital og investeringsvilje.

Sjøfarten og dei maritime næringane kan og bør spele ei nøkkelrolle i klimapolitikken og arbeidet for det grøne skiftet. Samtidig må dei praktiske tiltaka også fungere i kvardagen, enten det gjeld elektriske ferjer eller andre nyvinningar.
Sjøfarten har ei viktig og ærerik historie. No handlar det om framtida for dei maritime næringane. Ei framtid som krev eit offensivt og grønt samspel mellom privat og offentleg sektor, med styresmaktene i managerrolla. Grip sjansen!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv