Unio-leiaren sin replikk:
Heltar vi herjar med
Det er innspurt i valkampen. Vi merkar det i alle media. Utspela kjem på rekke og rad. Avisene presenterer karakterbøker og prognosar. Meiningsmålingane florerer, og spriker. Tolkingane like eins. Partistrategane er nattevakne, og jaktar på ny tal i SSB-statistikken som kan brukast for sitt eige parti, eller aller helst mot hovudmotstandaren. Og hovudmotstandarane er Erna og Jonas, eller Siv og Trygve. Men ingen av dei er på val.
Publisert: 7. september 2015
Der er personar som skal vere tillitsvalde for oss i kommunestyre og fylkesting som er på val. Og vi bør heie på alle saman. Ikkje fordi vi er einige med dei, men fordi dei tar på seg oppgåva som tillitsvalde for borgarane. Ei rolle der kritikken vil hagle når politikk og prioriteringar skal praktiserast i kvardagen. Men utan desse lokale heltane, ville vi ikkje hatt lokaldemokratiet.
Ved årets val blir nesten 3000 liste lagde fram i vallokala.Nesten 60 000 personar har sagt ja til å stille på lister, og dermed vere kandidatar til kommunestyra. Om lag 15 prosent, knappe 10 000, av desse blir valde. Fleirtalet er menn.
Dei fleste partia har fleire menn enn kvinner blant dei som har størst sjanse til å kome inn. Dette skjer i år også. Trass i at det har vore både kampanjar for og krav om fleire kvinner.
Kommunane skal, i alle fall på somme område, ha ein viss råderett over korleis politikken skal utformast – kva som skal vektleggast og prioriterast på vegne av innbyggjarane i den enkelte kommune. Samstundes veit vi at det er store skilnader mellom det reelle handlingsrommet i kommunane. Det handlar både om storleik og økonomi. Den minste kommunen har om lag 200 innbyggarar (Utsira) medan den største, Oslo, har godt over ein halv million innbyggarar. Klart det blir skilnader.
Gjennom historia har det alltid vore spenning i maktbalansen mellom lokale og sentrale styresmakter, mellom kommunane og staten. Skal kommunane først og fremst vere iverksetjarar av vedtak gjort av regjering og storting, eller skal kommunane først og fremst vere stifinnarar som finn sine eigne vegar, til beste for innbyggjarane? Spenninga mellom desse ulike syna har variert gjennom tida, men finst i større eller mindre grad internt i dei ulike partia.
Etter endringane i kommunelova på 1980-talet gjekk det meir og meir i retning av større lokalvalfridom. Pengane frå staten blei overførte i ”ein sekk” og det blei i prinsippet opp til kommunestyra og forvalte pengane.
Trudde dei. For sjølvsagt passa sentrale politikarar på at dei ikkje gav frå seg for mykje makt. Eit komplisert system for pengeoverføringar frå staten til kommunane sytte mellom anna for at kommunane som regel kranglar seg imellom om pengefordelinga. Men dei er stort sett samde om tre ting: 1. Dei får for lite pengar. 2. Dei vil bestemme meir. 3. Dei vil ha fleire oppgåver.
Det første, at dei får for lite pengar, er rett. I alle fall målt opp mot dei lovnader som kjem frå sentrale politikarar, frå dei fleste partia. Stortinget og regjeringar lover stadig reformer og forbetringar, ikkje minst på velferdsområde som helse, barnehage og skule. Men på desse område forventar folk flest tilnærma like reglar og like vilkår, sama kva for kommune vi bur i.
Kanskje må vi leve med at demokrati også er pingpongspel. Om ansvar, oppgåver og pengar. Sentrale politikarar og forvaltinga avviser kritikk med at ”dette” er kommunane sitt ansvar. Og kommunane forsvarar seg med at dei ikkje har pengar nok. – Vi blir skvisa mellom å bestemme kva for lover vi skal halde, og kva for lover vi må bryte, som ordførarar pleier å seie. Dermed endar lokalpolitikken ofte opp som ein arena for avmakt. Politikarane blir skyteskiver for innbyggarane, men også for oss som representerer organisasjonane.
Dette skjer same kven som har regjeringsmakta. Blir så dette betre med kommunereform og færre kommunar? Neppe. Det kan like godt bli meir avmakt. I alle fall når det gjeld tenestekvalitet.
Men no er det valkamp. Dei som stiller fortener at vi heiar. Og at vi røystar.