Unio-leiaren sin replikk:

Ytringar – trugsmål mot omdømet?

Pass på! Viss de lar dykk forføre av marknadsspråket, har de tapt. Om lag slik, saman med eit par saftige gloser i tillegg, fall orda frå Hans Skjervheim. Adressaten var ei gruppe pedsem-studentar på Universitetet i Bergen, som kollokverte i korridoren på ærverdige Sydneshaugen ein gong på 70-talet.

Publisert: 20. mai 2015

At filosofen hadde eit poeng, har vi sett mange døme på sidan den gongen. Og eg trur Skjervheimen enten hadde snudd seg i grava eller flirt i skjegget om han hadde fått med seg dei omfattande køyrereglane for Haugerud skole i Oslo. Eit dokument på om lag 50 sider fortel korleis lærarane skal oppføre seg på og utanfor skulen.

«Jeg forstår at rektor bestemmer at ressurser til enhver tid kan fordeles slik som rektor mener er best for best mulig resultater», er berre eitt av dei lett komiske lojalitetserklæringane lærarane på Haugerud skole skal etterleve. Kanskje er ikkje medieframstillinga dekkande for situasjonen på Haugerud. Men det kan likevel verke som om nokon har gått i ”skjervheimfella”.

Det finst i alle fall fleire og meir alvorlege tilfelle av forsøk på å innskrenke retten til frie ytringar. Somme er verkeleg ille. Og ikkje nok med det. Utslaga kjem til synes samstundes med at ”Je suis Charlie” ligg lett på tunga hos nokon kvar. Også hos representantar for styresmakter på ulike nivå.

Vi har sett døme på politifolk, lærarar og rektorar, helsearbeidarar og andre som har blitt bedne om å halde kjeft. Kritikkverdige forhold skal i beste fall takast opp internt. Vanlegvis handlar det om fagfolk som rettmessig seier frå om at noko er feil, til dømes at budsjetta ikkje strekkjer til for å gjere jobben. Som legen i Rana kommune, som fekk både irettesetting og trugsmål for å ha kritisert nedlegging av sjukeheimsplassar. Kommunen var redd for omdømet sitt. Det høyrer med at sivilombodsmannen seinare støtta legen, og refsa kommunen.

Det er og blir ei fallitterklæring dersom offentlege etatar blir så opptekne av omdømet sitt at dei tilsette, som ofte veit best, må kneblast gjennom ulike former for lojalitetsplikt og ”etiske retningsliner”. Det er for mykje lojalitet, ikkje for lite, som er problemet i norsk arbeidsliv, meiner direktøren i Fritt Ord, Knut Olav Åmås. ”Når kommunikasjon blir eit strategisk verkemiddel, blir takhøgda for ytringar lågare”, seier han til Dag og Tid.

Litt andre ordelag enn Skjervheim. Men bodskapen er langt på den same. Businesstenking kan innskrenke frie ytringar og truge profesjonell yrkesutøving. Pass på!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv