Unio-leiaren sin replikk:
Omstilling for arbeid
Omstilling er eit ord som statsministeren og fleire statsrådar stadig bruker. Gode slagord er viktig i politikken. Ulempa er at omstilling ikkje viser retning – det kan handle både om noko negativt og om noko positivt, om framgang eller om tilbakegang. På den måten er det eit litt tomt slagord. Likevel, det er eit varsel om endring.
Publisert: 30. juni 2015
Ei av dei store omstillingane akkurat no er aukande arbeidsløyse. For den det rammar er det slett ikkje ei nøytral omstilling. Det kan vere brutalt og trugande. Tilværet blir utrygt. Dei siste tala frå SSB seier at 4,2 prosent av arbeidsstyrken er utan arbeid. Det nærmar seg 120 000 personar utan arbeid. Det meste på nesten ti år.
Bak denne omstillinga ligg mellom anna fallet i oljeprisane, og tapte arbeidsplassar i oljenæringa og tilstøytande nøringar. Det smittar no til fleire sektorar og fleire delar av landet. Regjeringa har rett: Dette er ikkje krise i økonomien, det er ikkje ei nasjonal krise – enno. Men for den enkelte og for familiar er det ein krisesituasjon.
Så er spørsmålet: Skal denne omstillinga få gå sin gang? Til det blir krise? Skal politikken eller marknaden ordne opp? Her er det ikkje enten eller, men både og. Varige og lønsame arbeidsplassar kan sjeldan ”vedtakast”, særleg ikkje i privat sektor. Til det er Noreg for ”kapitalistisk”. Vi er ein liten og open økonomi, avhengig av den internasjonale konkurransen og marknaden.
Men politikken kan og skal legge til rette for sysselsetting, særleg når folk misser arbeidet. Og Noreg er ikkje Hellas. Vi – staten – har pengar. No bør litt meir av desse pengane brukast.
Ein del av oljejobbane er i ferd med å bli varig utfasa. Men framleis vil bransjen vere levedyktig, mellom anna gjennom utbygginga av Johan Sverdrup. Men dei “grøne” krava til sektoren bør definitivt skjerpast. Og regjeringa bør snart tydeleggjere kva som konkret skal vere det politiske bidraget til fleire grøne jobbar. Igjen – desse kan neppe vedtakast. Men tilrettelegging og sikre rammevilkår for grundermiljø og satsing på forsking og teknologisk utvikling må stå sentralt. Oljekompetansen må utnyttast på nye område. Det er vanskeleg å vite på førehand kva som blir ein næringssuksess. Som regel trengst vilje til å ta risiko, til å investere i det usikre. Her må regjeringa hjelpe til: Det trengst ein aktiv næringspolitikk, og pengar på bordet.
Det komande budsjettet må vise vilje til satsing på målretta tiltak som kan skape arbeidsplassar både i privat og offentleg sektor. Kommunesektoren, og andre delar av offentleg sektor, har nøkkelroller. På to måtar, minst:
– Tilsette fleire med høg kompetanse – ei investering retta mot varige kvalitetsløft
– Iverksette ei planmessig opprusting av bygg og anlegg i offentleg sektor. Vi veit av erfaring at dette er effektivt med tanke på sysselsetting i ein del bransjar, og her er det moglege å bruke ledig kompetanse frå oljesektoren.
Kor mykje pengar? Eg skal ikkje vere bastant i talfestinga. I samband med revidert budsjett foreslo Unio å styrke budsjettet med 5 milliardar kroner for inneverande år. Regjeringa må vere på vakt og ha tiltak klart gjennom andre halvår. Men viss regjeringa meiner alvor med omstilling – for arbeid – må styrkinga for neste år truleg leggast på eit betydeleg høgre nivå for å gi ønska effekt. Det vil ikkje vere uansvarleg, tvert imot. Og kanskje kan det til og med bremse rentefallet.
Rett nok vil enkelte økonomar alltid kalle det hasardiøst å bruke litt ”ekstra” av oljepengane. Men her kan jo finansministeren hente fram eit ”gammalt” manus, så finn ho sikkert gode argument for å plusse på. For dei arbeidslause vil det vere ei positiv omstilling for arbeid.
Eller kanskje blir det ei brå omstilling i sysselsettinga i løpet av kort tid? Etter 1. juli er arbeidsmiljølova endra. Arbeidsgjevarar får større handlingsrom til å tilsette folk mellombels. Grunngjevinga for nye lovreglar var jo at det skulle bli lettare å få fleire i arbeid!