Unio-leiaren sin replikk:
Heiltidsstudenten må ut av gløymeboka
Heiltidsstudenten har hamna i den politiske gløymeboka. At studentlivet skal vere fulltidsjobb, er ein kostnad dei politiske partia ikkje vil ta. Nesten alle som formelt er «heiltidsstudentar» har inntektsgjevande arbeid i tillegg. Berre knapt 20 prosent oppgir at dei studerer på full tid, ifølgje SSB. Hovudårsaka til at heiltidsstudenten er så sjeldan, er at støtta frå Lånekassa ikkje strekker til.
Publisert: 3. september 2024
Men bortforklaringane er mange: – Det er nyttig for den enkelte å skaffe seg arbeidserfaring. – Det er nyttig for samfunnet at studentane er i arbeidslivet og bidrar til verdiskapinga. – Dei har godt av å lære seg å tene pengar.
Dette er billeg retorikk for å sleppe å ta politisk ansvar. På denne måten blir det normalen å ha anna arbeid i staden for å studere på heiltid. På kva for andre delar av arbeids- og samfunnslivet blir det argumentert med at det er «nyttig» å ha to eller fleire jobbar? Tvert imot, vi har reglar som skal hindre slikt misbruk. Då snakkar vi ikkje om å ha sommarjobb.
Regjeringa har auka satsane for studiestøtte. Det er bra, men det er langt fram til at studentar flest kan leve av studiestøtta åleine. Unio har lenge kravd at nivået minst må opp til 2G, om lag 250 000 kroner i året. Heller ikkje det er nok, men det ville vere ein bra start. Det er eit tankekors at studiestøtta er lågare enn dei lågaste trygdeytingane. Studiestøtta er om lag 150 000 kroner i året, medan trygdeytinga for unge uføre er meir enn det dobbelte. Dette viser først og fremst at studiestøtta er altfor låg.
Dette handlar ikkje berre om levekostnader. Det er også ein del av kvalitetsdebatten i høgare utdanning. Når normalen er jobb ved sidan av å studere, fører det til at det blir freistande å bruke mindre tid på studiane enn ein burde. Det er særleg når inntektsgjevande jobbing er på 10 timar i veka eller meir at studiane blir skadelidande, viser SSB-undersøkingar. Men om levekårsundersøkinga for studentar fangar opp alle sider ved dette, er usikkert.
Tendensen er også klar: Tida ein bruker på å studere går ned, tida ein bruker på annan jobb går opp, viser tal frå Studiebarometeret. Det er dessutan store skilnader mellom dei ulike fagfelta. Tannlegestudentane bruker mest tid til å studere, inkludert undervisning og eigenstudiar. I den andre enden av skalaen finn vi studentar som skal bli grunnskulelærar (Khrono, februar 2024). Det er i seg sjølv illevarslande, både for notida og for framtida.
Det er altså ikkje berre studiestøtta som må opp. For somme fagområde er det tydelegvis også nødvendig med andre tiltak – både når det gjeld individnivået og systemnivået.
Like fullt: Fleire må bruke meir tid på å studere. Difor må studiestøtta aukast betydeleg. Det er eit politisk ansvar. Snart kjem neste års statsbudsjett…










