Unio-leiaren sin replikk:
Maktar kommunane oppgåvene?
Brennpunktprogramma «Omsorg bak lukkede dører» har skapt heftig debatt om eldreomsorga. Programma har avdekka uverdige og uhaldbare forhold. Ei rekkje spørsmål er sette på dagsordenen – kvalitet, kompetanse, bemanning og fleire til. Men alt i alt kokar dette ned til to hovudsaker: ansvar og pengar.
Publisert: 30. januar 2023
Statsråden har ved fleire høve peika på at eldreomsorga er kommunane sitt ansvar. I «Debatten» 26. januar erkjente KS-leiar Helgesen at kommunane har ansvar, men understreka samstundes at dette er alle sitt ansvar. Ho framheva at dei tilsette har sin del av ansvaret. Det er likevel ikkje tvil om at det overordna ansvaret for helse- og eldreomsorga ligg hos regjeringa og statsråden.
Om Brennpunktprogramma har vist eit representativt bilde av norsk eldreomsorg er ein annan diskusjon. Forhåpentlegvis er gjennomsnittet betre. Men du skal ikkje bla lenge i lokalaviser landet rundt for å finne for mange døme på minussaker.
Kommunane har ansvaret for ei rekkje krevjande oppgåver. Dei har driftsansvaret for oppvekstområdet – barnehage, skule og har delansvar for barnevernet. Dei skal handtere stadig meir krevjande oppgåver innan helse og omsorg. I tillegg kjem oppgåver innan kultur, teknisk sektor og viktig infrastruktur. Tendensen dei siste tiåra har vore at kommunane vil ha og har fått større ansvar. Kommunane, med KS i front, har villig påtatt seg aukande oppgåver i tru på at dette skal gi meir makt og eit sterkare lokalt folkestyre. I mange tilfelle er resultatet avmakt. I tillegg har New Public Management-ideologien sett sine spor. Mange leiarar, særleg mellomleiarar, kjem i ein uhandterleg skvis mellom overordna mål og kvardagsbehov. I tillegg verkar det av og til viktigare for kommunane å ivareta omdømmet sitt enn å vedgå manglar.
Det siste ser ein også i samband med tariffoppgjera. Mangelen på kvalifisert personell er prekær både i helse- og skulesektoren. Kommunane klamrar seg til prognosen frå frontfaget for å halde lønnsveksten nede. Dei har verken evne eller pengar til å etablere eit lønnsnivå som kan styrke grunnlaget for å rekruttere kvalifisert personale med høgare utdanning. I det siste tariffoppgjeret gjekk det hardast utover skuleverket, og det enda med langvarig lærarstreik. Dette kan ikkje halde fram.
Helse- og utdanningspolitikk er eit nasjonalt ansvar. Verken regjeringa eller Stortinget kjem unna dette. Det held ikkje å lage nasjonale strategiar, for så å overlate det meste til ein underfinansiert kommunesektor. Dette fører til eit endelaust ping-pong-spel om ansvar og pengar mellom sentrale og lokale styresmakter.
Eitt av slagorda i styring av offentleg sektor på 80- og 90-talet var fristilling. Tidleg på 90-talet fekk vi ny kommunelov, og pengane frå staten til kommunane skulle overførast i «ein sekk». Styring i form av øyremerka midlar til oppgåver og sektorar blei eit fyord. Vi fekk mål og resultatstyring med tilhøyrande rapportering og kontroll. Effektivisering har også vore ei viktig rettesnor. Eitt av resultata har vore at for mykje ansvar endar opp ytst i kjeda – hos dei tilsette som dagleg møter «brukarane.»
Dei seinare åra har debatten særleg vore fokusert på kommunestruktur og kommunesamanslåingar. Innan helsesektoren har vi hatt samhandlingsreforma, som skulle forbetre samspelet mellom sjukehusa og kommunane.
Det blir truleg aldri nok pengar i kommunesektoren. Men no er gapet mellom visjonar og realitetar for stort. Verken perspektivmeldingar eller dei årlege budsjetta gir klare og langsiktige svar. Kommunane maktar ikkje oppgåvene godt nok.
Difor etterlyser eg ein politisk gjennomgang av samspelet mellom staten og kommunesektoren – oppgåvefordeling, ansvarsplassering og ikkje minst finansiering. Både innbyggarar og tilsette fortener avklaringar og tydeleg tale.