Unio-leiaren sin replikk:
Universitet på sparebluss
Vi har høyrt det gong på gong: Det skal satsast på kunnskap og forsking. Noreg skal vere ein tydleg kunnskapsnasjon. Statsrådar frå ulike regjeringar har lova budsjettvekst og framgang. No har pipa fått ein annan lyd.
Publisert: 16. september 2024
Under Arendalsveka proklamerte statsråd Oddmund Hoel at universitet og høgskular må bu seg på nedskjeringar og stillingskutt. Han la til grunn at sektoren står overfor ein ny økonomisk situasjon, og vil minst tilbake til 2019-nivået.
Det er sjeldan at ein statsråd vil ha nedgang for den sektoren han eller ho har ansvaret for. Men statsråden sine planar kjem ikkje som lyn frå klar himmel. Begge dei to tidlegare Sp-ministrane i denne statsrådposten har tatt til orde for innstrammingar. Borten Moe var ekstra tydeleg, og Sandra Borch følgde opp. Om dette er årsaka til at Senterpartiet har minimal tillit i kunnskapspolitikken, skal vere usagt. Men å vere ei drivkraft for forskingsbasert kunnskap synest ikkje å stå høgt på prioriteringslista i partiet. Det har tydelegvis også professor Hoel måtta ta inn over seg.
Statsråden har fått og vil få meir kritikk for grepa sine, og for ikkje å kjempe for sektoren han har ansvar for. Leiinga ved Universitetet i Oslo er ekstra skarpe, og omtalar Hoel sin retorikk under Arendalsveka som både skadeleg og korttenkt (Stølen/Gornitska, Khrono, 17.8.24). Det har dei rett i.
Men eg trur nok statsråden kjempar for «seg og sine». Men det er ein annan statsråd som skal vere budsjettvinnar. Forsvarsministeren har bortimot unison støtte for ei kraftig og langvarig styrking av Forsvaret. Det kostar! Andre må halde igjen.
Dessutan meiner tydelegvis regjeringa at sektoren hadde ein «kunstig» høg vekst i koronaperioden. Difor må det no strammast inn, er bodskapen. Men universitet og høgskular er også godt kjende med tidlegare innstrammingstiltak. Den såkalla ABE-reforma var Solberg-regjeringa sitt verkemiddel for effektivisering.
Det er også kritikarar som meiner at mange høgskular har brukt for mykje tid og pengar på å få universitetsstatus, i staden for å prioritere det daglege kunnskapsarbeidet. Det kan så vere, men universitetsdrivet har samstundes hatt betydeleg politisk støtte.
Khrono har den siste tida hatt ei rekkje oppslag om tronge tider i universitet- og høgskulesektoren. Avisa viser at sektoren har fått over 450 millionar kroner mindre i perioden 2019 til 2023, om ein korrigerer for lønns- og prisveksten.
Fleire institusjonar viser til planar om kraftige budsjettkutt for 2025. 50, 60, 70 og 100 millionar er tal ein finn i overskrifter. Fleire rektorar varslar stillingskutt og oppseiingar. Dessutan høyrer vi døme på mindre synlege kutt som at studentar må samskrive oppgåver, også masteroppgåver. Press på forskingstida er det også mange som opplever.
Dessutan har dei fire største universiteta lagt ned 65 humaniorafag dei siste 20 åra. Ein tar seg ikkje råd til å oppretthalde fag med få studentar.
Dette er alvorlege meldingar. Både forsking og undervisning vil bli ramma.
Å satse på utdanning og forsking er ei nødvendig og langsiktig investering. Det forpliktar å kalle seg ein kunnskapsnasjon. Då kan ein ikkje la universitet og høgskular drive på sparebluss. Fyr opp!










