Unio-leiaren sin replikk:

Offentleg sektor – eit nødvendig gode

Koronakrisa har utløyst debattar om mange tema. Mange av dei er både nødvendige og konstruktive. Men ikkje alle. Det er til dømes slett ikkje behov for angrep på offentleg sektor. Den fremste, og heldigvis ein av dei få, som vil svekke offentleg sektor er Stein Lier Hansen, direktør i Norsk Industri. Rett nok er det ikkje uventa at nettopp denne direktøren frontar slike synspunkt.

Publisert: 15. juni 2020

I Klassekampen 11. juni er Lier Hansen kanskje hakket meir nyansert, men vi sit lett igjen med eit inntrykk av at offentleg sektor er meir ei bør enn eit gode. Likevel grei å ha når det går dårleg! Lat oss ikkje gløyme at Noreg blei stengt ned fordi vi ikkje hadde kapasitet i helsevesenet til å ta oss av den smittebølga vi frykta ville kome, og som kan kome på nytt.

Lier Hansen seier at offentlege utgifter per innbyggar i Norge er 50 prosent høgare enn i Sverige. Vel, vi har både eit høgare prisnivå og høgare BNP per innbyggar. OECDs siste tal for offentlege utgifter målt som del av BNP viser 49,3 prosent både for Norge og Sverige. Ni EU-land har ligg over dette. Lat oss heller ikkje gløyme at offentlege utgifter består av både utgifter til å drive offentleg sektor og av overføringar til hushald og ikkje minst til næringar. NHO og Lier Hansen har vel ikkje vore på latsida når det gjeld overføringar dei siste månadane!

Det kunne ha vore på sin plass om Lier Hansen var litt meir audmjuk. Eg går ut frå at Lier Hansen vil at helsevesenet skal vere betre budd ved neste krise. Eg forventar at industrien støttar krava våre om å styrke det førebyggande arbeidet i offentleg tenesteproduksjon. Det vil spare pengar på sikt og styrke beredskapen. I staden prøver Lier Hansen å skape eit inntrykk av at offentleg sektor ikkje vil effektivisere, at leiinga er dårleg, at brukarorienteringa er dårleg, at utdanningssystemet ikkje leverer den kompetansen næringslivet treng og at politikarane ikkje er rekruttert på like breitt grunnlag som leiinga i NHO.

Ja, vi skal ha ein sterk privat sektor, men vi skal også ha ein sterk og kompetent offentleg sektor. Under Erna Solberg si regjering har offentlege utgifter, som del av BNP for Fastlands-Noreg, auka frå 56,4 prosent i 2013 til 60,3 prosent i 2019. Det er sjølvsagt legitimt å diskutere korleis Noreg skal bruke pengane sine, og ha synspunkt på politiske prioriteringar. Det som derimot ikkje er greitt, men først og fremst destruktivt, er å angripe tilsette i offentleg sektor for å vere ineffektive berre fordi oppgåver og resultat ikkje kan målast og vegast på same måte som i store delar av privat sektor.

Vi er gjerne med på ein debatt om kva det offentlege skal gjere. Men å lage ein mindre offentleg sektor ved å privatisere det som vi her til lands har definert som sentrale velferdsoppgåver, er ikkje vegen å gå. For det første vil ikkje oppgåvene forsvinne. For det andre har private firma som utfører offentlege oppgåver ein lei tendens til å «auke produktiviteten» ved å betale dårlegare og tilby dårlegare pensjonsordningar. Slike tap-tap-ordningar treng vi ikkje.

Denne replikken bygger på eit innlegg i Klassekampen, 13.6.2020.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv