Unio-leiaren sin replikk:
Livslang læring – ny giv?
I «alle» år har «alle» snakka om kor viktig det er å satse på livslang læring. Vi har sett det i programma til dei politiske partia, i stortingemeldingar, i utspel og strategiar frå fleire hald. Partane i arbeidslivet, Unio inkludert, vil ha større satsing på etterutdanning, vidareutdanning – på livslang læring. Også utdanningsinstitusjonar av ulike slag er på hogget.
Publisert: 18. juni 2019
Men får vi det til? I alle fall ikkje fullt og heilt. Det har vore uklart kven som skal betale for kva, og kven som har ansvar for ulike tilbod. Dessutan har ikkje interessa for å skaffe seg vidareutdanning alltid vore på topp. Særleg gjeld det for dei med minst utdanning frå før.
Dette er noko av bakgrunnen for NOU 2019:12. Markussen-utvalet har kalla utgreiinga si «Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne».
Her er mange gode vurderingar og forslag. Også somme som er mindre gode. Men for Unio er det positivt at det kjem endå ei utgreiing som framhevar kor viktig utdanning og kompetanse er for verdiskaping og konkurranseevna. Og at det går fram at det formelle utdanningssystemet skal spele ei viktig rolle. Det kjem også forslag til finansiering, som involverer både NAV og Lånekassa, men også den enkelte arbeidstakar og arbeidsgjevar skal ta sine delar. Dette vil skape debatt.
Utvalet framhevar at arbeidslivet sine behov skal vere førande for utdanningstilbodet. Knapt nokon er ueinig i at utdanningstilbod retta mot vaksne skal vere relevante for arbeidslivet.
Problemet er likevel at «arbeidslivet» ofte er ein dårleg spåmann. Særleg når det gjeld behov som strekkjer seg lenger enn til «her-og-no». Lett er det heller ikkje. Det som verkar unyttig i dag, kan vere innertiar om nokre år. Det er nok å sjekke yrkeslista i ein halvgammal telefonkatalog, for å sjå at ikkje alle yrke heldt seg moderne særleg lenge.
Det blir stilt forventningar til at universitets- og høgskulesektoren skal tilby raske og korte utdanningar. Eg er redd at denne sektoren ikkje er klar til å innfri slike forventningar. Universiteta er i stor grad innretta mot lange utdanningar, mot forsking, mot internasjonalisering, og mot publisering – helst på eit framandspråk. Finansieringa dreg i same retning. Høgskulane har i praksis utradert seg sjølve. Dei var tiltenkte å vere regionale institusjonar som skulle gi kortare utdanningar og knyte seg opp mot lokalt og regionalt arbeidsliv. Men denne rolla, godt innretta også mot livslang læring, ville dei ikkje slå seg til ro med særleg lenge. Dei har ivra etter å bli universitet, og har brukt og brukar store ressursar på nettopp det.
Som del av dette har dei dels blitt lokka, dels pressa til fusjonar i stor stil. Regjeringa har klokkartru på at stort er godt, også på dette området.
På fleire plan er politikken i strid med seg sjølv. Det blir for mange målkonfliktar. På den eine sida er melodien no djupnelæring og kvalitet i alle ledd, på den andre skal det spelast kort og fort: Nyttig her og no. Men det er ikkje opplagt at den beste framtidskunnskapen er å finne i kortare og kortare modular. Det er heller ikkje opplagt at dei store institusjonane er dei beste til raskt å snu seg rundt, og skreddarsy nye tilbod. Endå verre blir det når universitet og høgskular er blant dei som ekstra tydleg merkar dei negative konsekvensane av pengekutt gjennom den såkalla effektiviseringsreforma (ABE-reforma).
Sjølvsagt både kan og skal UH-sektoren tilby etter- og vidareutdanning. Det er dei forplikta til. For grupper med høgare utdanning er det i all hovudsak universiteta som må stå for det faglege tilbodet. Og då må også finansieringsmodellen ta høgde for dette.
For mange andre grupper må tilboda finnast på andre arenaer. Det er bra at Markussen-utvalet peikar på fylkeskommunane si rolle i denne samanheng. Men det er ikkje nok å vise til at fylkeskommunane må ta ansvar for koordinering og mobilisering. Det er i praksis dei vidaregåande skulane som må gjere den praktiske jobben. Heldigvis har vi framleis eit desentralisert tilbod, tett på lokalt næringsliv. Dei kan også ta ei rolle som bindeledd til høgre utdanning. Det same gjeld fagskulane, sjølv om det er færre av desse.
I dag er det ikkje lagt godt nok til rette – verken når det gjeld organisering eller ressursar – for at dei vidaregåande skulane kan spele den sentrale rolla for livslang læring som dei kan og bør. Denne delen av utdanningssystemet må finansierast betre og brukast meir offensivt som ledd i ein ny giv for livslang læring.