Unio-leiaren sin replikk:
Regjeringa ber om trøbbel
For nokre år sidan lanserte Erna Solberg ein ny kurs for Høgre. «Menneske, ikkje millionar», heitte det. Eller kanskje var det milliardar. Ho ville endre oppfatninga av Høgre som eit snevert pengeparti. Dette er visst gløymt.
Publisert: 18. oktober 2019
No handlar det om å spare småpengar på smålege kutt retta mot grupper som verken er millionærar eller milliardærar. Alle forstår at det er krevjande å snekre eit stasbudsjett. Men å heilt medvite ramme barn og unge i sårbare situasjonar er meir enn umusikalsk. Det får vere måte på!
Regjeringa har to ulike kuttstrategiar. Den eine er basert på ostehøvelprinsippet. Det ser vi i den såkalla ABE-reforma. Gjennom budsjettinnstrammingar skal ein tvinge fram effektiviseringar i offentleg sektor. Utan nærare vurdering av situasjonen eller behova. Den andre strategien er målretta kutt i ordningar for utsette grupper. Målsettinga er tilsvarande. Mindre pengar skal få folk til å opptre meir rasjonelt og billeg. Slik er det med kutta retta mot arbeidsavklaringspengar for unge, kutt i stønad til briller og til tannregulering for barn.
Verken samfunnet eller arbeidslivet er statiske. Difor trur eg det er få som er ueinige i at det er gode grunnar til, frå tid til anna, å gå gjennom ulike velferdsordningar. Men i desse tilfella er regjeringa på ville vegar. For å seie det mildt.
Spesielt ille synest eg det er det å kutte i stønadsordninga for barn med synsvanskar. Det rammar ikkje berre her og no. Det kan lett ramme både læring og lærelyst. I så fall aukar det faren både for å falle utanfor både i skulen, og seinare i arbeidslivet. Stikk i strid med andre politiske ambisjonar, enten det gjeld kunnskap eller inkludering.
Regjeringspartia gjekk på ein smell i kommunevalet. Dette blir i stor grad forklart med hardhendt sentralisering og manglande evne til å lytte. Kritikken har vore sterk i lang tid, og kulminerte på valdagen. No, etter valet, held visst sentraliseringa fram. På toppen av dette serverer regjeringa eit statsbudsjett med desse smålege og usosiale kutta. Grunngjevingane har dessutan blitt meir og meir vaklande etter kvart som debatten har gått. Eg synest nesten synd på statsråd Hauglie, særleg når ho, heilt på defensiven, har prøvd å forklare kuttet i brillestønaden. Regjeringa er i trøbbel. Det er nesten som ein kan lure på om regjeringa er i ferd med å be om avløysing.
Eller kanskje regjeringa tenker «stø kurs». Men stø kurs må ikkje forvekslast med å gå rett fram, utan å ta omsyn til farvatnet eller verforholda. No verkar det som det er svikt både på brua og i maskinrommet.
Vi treng modige politikarar. Men ikkje sta og smålege politikarar.
I det dette skal publiserast, ser eg at regjeringa likevel er i ferd med å justere kursen litt når det gjeld støtteordninga for briller. Det er i så fall bra.
Så spørs det kor mange strafferunder regjeringa toler.