Unio-leiaren sin replikk:
Klimarevolusjon?
I eit oppslag i Aftenposten (25.10.15) fortel ein DnB-direktør om korleis storbanken har gjennomført eit storstilt og vellukka IT-prosjekt. Verkemidla har vore stram styring og utflagging.
Publisert: 19. oktober 2015
For litt sidan høyrde eg den franske utanriksministeren tale til fagrørsla sitt førebuande klimatoppmøte i Paris. Han skal leie forhandlingane, og skapte grunnlag for ein viss optimisme.
Det må bli den beste avtalen så langt. Men juridisk forpliktande blir han neppe. Til det er motstanden, særleg frå Kina og USA, for sterk. Derimot blir det lagt opp til eit system for forpliktande rapportering og kontroll med landa sine utslepp. ”Name and shame”, verkar som ein nødvendig startegi.
Ut frå det ein veit så langt, når ein ikkje to-grader-målet i 2050. Landa sine innmelde ambisjonar tyder visst på at det realistiske målet er 2,7 grader. Det fører til dømes til at store delar av Arktis blir isfritt. Talet på klimaflyktningar vil kunne auke dramatisk. Det vil stille den vestlege verda overfor dramatiske utfordringar. Samstundes veit vi at dei industrialiserte landa må ta eit krafttak for å berge situasjonen i utviklingslanda. Vi har gjort oss rike på utslepp av CO2. No må det betalast tilbake. Dette blir også ein del av Parisforhandlingane.
Dei fremste optimistane meiner det er mogelege å redusere utsleppa kraftig. Regnskogsatsinga er eit viktig tiltak. Men langtfrå nok. Det må bortimot revolusjonære tiltak til: Store teknologiske nyvinningar må på plass. Det trengst ei storsatsing på kunnskap – særleg teknologisk kunnskap og nyskaping. Som medlem i regjeringa sitt Klimaråd, får eg til tider del i forslag og visjonar som set Knut Berg i skuggen, og som minner mest om avansert romfartsteknologi. Og kvifor ikkje – det er like viktig å berge verda gjennom nye klimatiltak som å utforske himmelrommet.
På mange område går utviklinga raskare enn vi tenker over. Om nokre år kan bilparken vere heilt elektrifisert, fornybar energi dominerer, transportsystemet totalt endra med førarlause bussar og bilar. Noko av dette ville ha kome uansett, men klimapolitikken vil drive opp tempoet. Vi vil trenge langt fleire forskarar. Ikkje berre teknologar. Humanistar og samfunnsvitarar vil spele ei viktig rolle i å handtere konfliktar som lett oppstår i samband med store endringar. Utdanningssystemet vil spele ei endå viktigare rolle som fellesarena og samfunnslim. Tillit må framleis byggast nedanfrå.
Arbeidslivet vil truleg også endre seg kraftig. Men endringa kjem kanskje meir gradvis enn på andre område. Faren for større skilnader mellom grupper og mellom land vil vere der, men ei sterk og framtidsretta fagrørsle kan vere med på å halde noko av dette i sjakk.
Då må vi vere gode sjåførar – meir ratt og gass, enn brems. Men oj, det blir vel eit førarlaust køyretøy? Til og med metaforbruken må vi endre!