Unio-leiaren sin replikk:

Fornying og forverring

Regjeringa slår om seg med slagord. Vi blir pepra med ”fornying”, ”forenkling” og ”forbetring”. Og det meste skal bli meir ”robust”. Altså samanslått, større og sikkert sentralisert.

Publisert: 12. juni 2014

No er det arbeidsmiljølova som skal få sin omgang med nytale. ”Mjuke” og ”mindre” endringar, er omtalen. Og sjølvsagt handlar det om ”modernisering”. Sanninga er at fleire av forslaga er både gamle og gamaldagse. Og dei er dårlege. I alle fall for dei fleste arbeidstakarar. Meir mellombels tilsetting, lengre arbeidsdagar, meir søndagsarbeid og dårlegare vilkår for vikararar. Arbeidsministeren reklamerer med at dette er bra for dei fleste. Han har blitt oppmoda om slike endringar på sine reiser rundt om i landet.

Det er lett å skjøne kven han har snakka mest med: Arbeidsgjevarsida heiar og gler seg. Dermed veit vi også kven som tener på dette. Dei ser for seg både meir makt og meir forteneste.

Meir makt til arbeidsgjevarane fører gradvis til større og større skilnader mellom folk. Ein treng ikkje vere Piketty-fan for å sjå det. Ikkje at dette er mest tydeleg i Noreg. Men likevel, det er liten grunn til å importere dårlege idear, enten det gjeld stor skattelette eller deregulering av arbeidslivet.

Det er inga bombe som blei detonert, kommenterer Aftenposten, og viser til Robert Erikssons forslag til lovendringar. Det stemmer at endringane kunne ha vore både større og verre. Men dei er ille nok.

Særleg gjeld det forslaget om mellombels tilsetting. Du kan tilsettast mellombels i inntil eitt år utan vilkår. Det er nok at arbeidsgjevar vil det slik, og teste deg. Dette skaper ein heilt ny situasjon på arbeidsmarkanden. Fleire får utrygge jobbar. Det er nok av slike frå før, ikkje minst i offentleg sektor.

Tidlegare høyrde vi at regjeringspartia knytta vilkår og avgrensingar til forslaga om mellombels tilsetting. Vilkår som at arbeidet faktisk var tidsavgrensa. Eller at det var tale om å legge til rette for særskilte grupper. Det gjeld visst ikkje lenger. Om ikkje ei bombe, i alle fall eit bakhaldsangrep. Og lovnadane om å redusere misbruket av mellombels tilsetting i det offentlege er kanskje gløymde? Dermed – fornying og forverring.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv