Unio-leiaren sin replikk:

Studentane fortener betre!

For tida yrer det av liv på landets største arenaer for verdiskaping. Ved universitet og høgskular er meir enn 300 000 studentar klare for eit nytt semester. Dette er ei framtidsinvestering både for den enkelte og for samfunnet. Likevel er det store manglar ved den politiske satsinga på studentane.

Publisert: 21. august 2023

Noko av det mest prekære ved studiestart er mangelen på studentbustader. Mange slit med å finne seg ein plass å bu. Studentane konkurrerer med fleire andre grupper, inkludert flyktningar frå Ukraina, som skal ha husvære. På privatmarknaden er det svindyrt. Særleg i dei store byane er det kritisk.

Det har vore ein kollektiv politisk svikt. Den gradvise veksten i studenttalet har vore velkjent. Det har også vore godt kjent at det har vore bygd for lite. Rett nok har dei fleste statsbudsjett lagt inn nokre kroner på studentbustader. Men det har stort sett vore småpengar. No må det kort og godt takast eit krafttak for å bygge fleire studentbustader!

Snart må dessutan mange studentar raskt ut på ein annan konkurransearena. Dei må ha seg ein deltidsjobb for å ha råd til studielivet. Vi har gradvis sett at heiltidsstudenten blir sjeldnare og sjeldnare. Det går sjølvsagt an å hevde at å jobbe ved sidan av å studere gir nyttig erfaring. Tidlegare statsråd Ola Borten Moe framheva ofte dette. Men ulempa er sjølvsagt at dette kan gå utover tida som blir brukt til det faglege arbeidet. Dette blir særleg tydeleg når deltidsjobben er på meir enn 10 timar i veka. Då viser tal frå rapporten «Levekår blant studenter 2021» at deltidsjobben fører til mindre tid til å studere. Det rammar den faglege framgangen, og aukar risikoen for fråfall.

Det er berre 20 prosent av studentane i Norge som berre har Lånekassa som einaste inntektskjelde. Det er meir vanleg for norske studentar å jobbe ved sidan av å studere enn det er for studentar i både Danmark og Sverige. Dette i seg sjølv er eit varsel om at studiestøtta her til lands ikkje er god nok. Rett nok har regjeringa plussa på ein del i det siste. Studiestøtta er auka med sju prosent. Dette er bra. Men med den prisauken vi har, kan neppe dette kallast eit kjempeløft, slik bodskapen frå regjeringspartia har vore.

Unio har gong etter gong kravd at studiestøtta skal knytast til G – altså grunnstøtta til folketrygda. Like ofte har dette blitt avvist av skiftande regjeringar. 2 G ville ha gitt ei studiestøtte på nesten 240 000 kroner i året. Unio har foreslått å starte ei slik nyordning på eit noko lågare nivå – 1,5 G, for så å trappe raskt opp. Dette ville ikkje ha gitt noko luksusliv, men sannsynlegvis fleire heiltidsstudentar.

Frå tid til anna har det blitt påstått, særleg frå næringslivshald, at vi her til lands lir av ei form for mastersykje. For mange skal bli master, og for få vil bli «meister» – altså fagarbeidar. Vi treng fleire fagarbeidarar i ulike fagområde. Men nyleg har vi fått rapportar som viser at det i Norge er relativt færre som tar ein mastergrad enn i mange andre europeiske land. Innan lærarutdanningane er det særleg kritisk. Å hevde at det i Norge er for mange som satsar på ei lang utdanning er eit bomskot. Ikkje nok med det. Det er skadeleg – særleg viss Noreg vil kalle seg ein kunnskapsnasjon.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv