Sløve varslingsverktøy

Dei fleste synest varsling er viktig. Varslaren blir gjerne hylla. Somme varslarar har fått prisar. Men når alt kjem til alt: For varslaren kan det bli ein høg pris å betale. Belastningane ved å stå fram kan vere ei påkjenning i seg sjølv, beint fram helseskadeleg. Og ikkje sjeldan ser vi at varslaren blir straffa – direkte eller indirekte. Sjølv om det er i strid med lova. Varsling er ein risikosport. Slik skal det ikkje vere. Også fordi mange då vil la vere å varsle.

Publisert: 18. mars 2016

Difor gjentar eg, og forsterkar eg, Unio sitt krav om at det må opprettast eit varslarombod.

Det siste året har den såkalla Monika-saka i Hordaland politidistrikt fått mykje omtale. Politileiinga har fått hard kritikk, særleg for behandlinga av varslaren Robin Schaefer. Granskinga som blei gjort av Jan Fougner i advokatfirmaet Wiersholm stadfesta at det var grunnlag for denne kritikken.

Ein annan rapport frå det same advokatfirmaet, omtalar fire andre varslarar ved Hordaland politidistrikt. Her er konklusjonen at det i alle fire tilfella var forsvarleg varsling, og at ingen av dei vart møtt med rettsstridige reaksjonar. I tillegg har både Spesialeininga for politisaker og Arbeidstilsynet vore inne i sakene i Hordaland. Frå begge hald får ein stadfesta inntrykket av at verktøya for å behandle krevjande varslingssaker enten har manglar eller er for sløve.

Mykje tyder på at varslarar lett blir oppfatta som bråkmakarar, som dermed får vanskar med å få nye jobbar.

Varslarvernet står for svakt. Det må styrkast. Arbeidstilsynet har ei viktig rolle, men både tronge rammer og eit svakt mandat er ein hemsko. Å outsource granskingsoppdrag kan vere nødvendig i enkeltsaker, men er ingen farbar strategi. Det er heller ikkje Politiets Fellesforbund sitt standpunkt om å ikkje tilrå varsling.

Det trengst nye og forsterka verkemiddel. Unio foreslår at det blir oppretta eit nasjonalt varslarombod. Ombodet må vere ein uavhengig instans med klare fullmakter til å vurdere enkeltsaker. Samstundes må ombodet vere eit nasjonalt kompetansesenter som kan sette ein standard for handtering av varsling.

Og som kan stimulere til forsvarleg varsling i både privat og offentleg sektor.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv