Unio-leiaren sin replikk:

Redd folk heller enn bankar

Noreg har dette året leiarrolla i OECDs ministerråd. Både Jens Stoltenberg, Sigbjørn Johnsen og Espen Barth Eide deltok under forhandlingane i Paris i månadsskiftet. Noreg har hovudansvaret for å få vedtatt erklæringa som skal vere førande for OECDs politikk og ambisjonar det komande året. OECDs medlemsland står i dag for 60 prosent av verdas BNP. Andelen minkar. Likevel kan organisasjon vere ei kraft som kan endre politikken. Viss medlemslanda vil. Det verkar som om dei ikkje vil nok.

Publisert: 3. juni 2013

Skilnaden mellom fattig og rik veks dramatisk. Det er 50 millionar arbeidslause (8 prosent) innan OECD, 200 millionar globalt. Ungdom er i krise, 16 prosent av dei unge er utan arbeid i OECD-landa. Ikkje underleg at “Divided we stand” er overskrifta på ein av dei mange, mange OECD-rapportane.

Kuttpolitikken må vike for investering i arbeidspassar og i ungdom. Det er ikkje til å forstå at galskapen held fram, ikkje minst i Europa. Mange nok ser seg tydelegvis tente med at dei rikaste blir rikare. I 2011 fekk dei 10 prosent rikaste ein vekst som var ni gonger så stor som dei 10 prosent i den andre enden av skalaen. Dette rokkar fundamentalt med folks tillit til politikarar, institusjonar og til bedrifter. Dette er kritisk både for demokrati og produktivitet. OECD har vedtatt ein strategi for å gjenreise tillit. Vil den verke?

Eit godt tips: regjeringar må satse meir på å redde folk enn på å redde dårlege bankar! Konkurransen om å presse lønn og arbeidsvilkår nedover er øydeleggande. Kampen mot skattefusk og skatteparadis må trappast kraftig opp. Meir likskap og likeverd tilseier også at klimakampen må styrkast.

Den norske regjeringa jobba hardt for ei offensiv slutterklæring i denne retninga. Dei lukkast bra, i eit krevjande terreng. Kursen er bra, men det trengst meir motorkraft.

200 millionar fagorganiserte på verdsbasis gir ekstra styrke, og er klar til å ta sin tørn.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv