Unio-leiaren sin replikk:
Varsling – ein risikosport?
På nytt har vi sett det. Å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen krev mot og styrke. Risikoen for motstand, motvilje og utfrysing er stor. Tøffe varslarar må ofte ta time-out. Sjukmelding er ikkje uvanleg. Dermed kan ein heller ikkje gjere jobben sin. Ikkje vere på arbeid.
Publisert: 24. februar 2015
Denne gongen er det ein politivarslar i Bergen, Robert Schaefer, som har gjort det. Vist mot og fagleg styrke. Og møtt tagnad og motstand frå sine eigne overordna. I Hordaland politidistrikt og i Politidirektoratet. Han har blitt bedd om å teie i ei mogeleg drapssak.
Monika-saka har prega overskriftene i vekevis. Politiet har feila i etterforskinga. Men verre, politileiinga har ikkje vist seg tilliten verdig. Kritikk har blitt kamuflert. Varslaren har blitt møtt med motstand. Siste ord er ikkje sagt.
Kva som blir det endelege resultatet etter granskinga som er gjennomført på oppdrag av riksadvokaten er ikkje klart enno. Spesialenheten skal presentere sine vurderingar med det første. Men at det blir ei opprydding basert på politifaglege vurderingar, verkar opplagt.
Heldigvis – varslaren har fått støtte og oppfølging frå fagforeininga. Politiets Fellesforbund og tillitsvalde lokalt har gjort sin del av jobben. Men det er også opplagt at varslaren må få støtte vidare.
Men her er også ei anna side. Ifølgje arbeidsmiljølova har arbeidsgjevar plikt til å legge til rette for varsling. I tillegg har varslaren krav på vern mot «gjengjendelse» frå arbeidsgjevar. Dersom mottiltaka frå arbeidsgjevar er i strid med lova, kan varslaren krevje oppreising og erstatning.
Arbeidstilsynet kan ikkje løyse privatrettslege tvistar. Det må i så fall avgjerast i retten. Men på vegen dit kan Arbeidstilsynet vurdere om varslingsreglane i arbeidsmiljølova er følgde. Saka er alvorleg. Først og fremst for politiet. Men også for varslaren. Og for rett og plikt til å varsle utan fare for «gjengjeldelse». Kva har skjedd både i regi av Hordaland politidistrikt og i regi av Politidirektoratet? Arbeidstilsynet bør difor gå inn i varslingsdelen av saka, og sjå på behandlinga frå a til å.