Unio-leiaren sin replikk:
Meklingsresultat for industrien
Etter mekling nesten eit døgn på overtid, kunne riksmeklaren og partane presentere eit resultat i industrioppgjeret. Utgangspunktet var krevjande for begge partar, og dei sleit tydelegvis med å finne ei løysing. Norsk Industri og NHO måtte svelgje at det ikkje blei null komma null, slik dei hadde kravd, og Fellesforbundet måtte godta at det berre blei litt meir enn null denne gongen. Resultatet skal til uravrøysting. Også YS-forbundet Parat mekla, og fekk tilsvarande resultat.
Publisert: 24. august 2020
Ramma er ifølgje riksmeklaren på 1,7 prosent. Med eit overheng på 1,2 prosent i industrien og ein forventa prisvekst på 1,4 prosent, er dette eit magert oppgjer. Men dei fleste vil oppretthalde kjøpekrafta, og somme kan håpe på litt forbetring. Det er liten tvil om at koronakrisa og ikkje minst den store arbeidsløysa har prega industrioppgjeret.
På Kveldsnytt omtalte leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum, resultatet som ei balansert løysing. Samstundes framheva administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, at dei lokale forhandlingane betyr mest, og at det her vil vere variasjonar mellom bedriftene.
Maritim sektor er blant dei som har store utfordringar, men også store framtidsmogelegheiter. Skal ein lukkast, må ein satse på gode norske lønnsvilkår og framtidsretta kompetanse!
Vektlegginga av dei lokale forhandlingane gjer at vi heller ikkje kjenner det endelege resultatet før desse er gjennomførde. Då skal også lønnsveksten for funksjonærane reknast inn. Ofte ligg denne noko høgare.
Som vanleg vil industripartane styre lønnsveksten i andre sektorar. Det var nok ikkje tilfeldig at leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum, brukte Kveldsnytt til å understreke kor viktig det hadde vore å «styrke frontfaget sin posisjon og rolle».
Frontfaget har ein viktig plass og rolle. Men situasjonen er annleis no enn på 1960-talet då modellen tok form. No arbeider ein langt mindre del av dei sysselsette i industrien enn den gongen. Andre næringar har vakse fram, og dei veksande utdanningsgruppene dominerer i offentleg sektor. Somme, særleg i NHO og LO, har frykta at dette vil svekkje frontfaget. Med god grunn. Fleire utgreiingar om lønn og lønnsdanning dei siste åra har likevel stadfesta frontfaget si rolle, men har også moderert forståinga av modellen. Mellom anna har det vore understreka at lønnsutviklinga må sjåast over tid, og at frontfaget ikkje bestemmer korleis pengane i andre oppgjer skal fordelast.
Difor har både industripartane og kommentatorane framheva at frontfaget er «normgjevande». Det er altså ikkje ein fasit, sjølv om særleg NHO går langt i å ønske seg det. Men at det vil påverke dei komande oppgjera, både i privat og i offentleg sektor, er opplagt. Det vil nok arbeidsgjevarane syte for.
Men skal ein forhandle, må det også vere forhandlingsvilje. Og evne til å både skape og utnytte eit forhandlingsrom. Partane må, ikkje minst i eit hovudoppgjer, vurdere situasjonen både på kort og lang sikt.
Store delar av offentleg sektor står i ein heilt annan situasjon enn industrien og ein del andre næringar. I offentleg sektor er det ikkje mangel på arbeid og oppgåver. Det som manglar er folk med nødvendig utdanning og kompetanse.
Den siste tida har til fulle vist kor viktig det er med eit politi med god utdanning og som held høg kvalitet. Prognosane innan helsesektoren, viser stort behov for å rekruttere og behalde helsepersonell, i særleg stor grad sjukepleiarar. Det viktigaste verkemiddelet er og blir betre lønn. Den omfattande bruken av ufaglærte i skulen kan ikkje halde fram. Viss det blir meint alvor med proklamasjonane som å satse på kunnskap, må også lønnsnivået i utdanningssektoren frå barnehage til universitet opp!
Det er altså krise på meir enn ein måte. Ikkje alt kan løysast gjennom eitt hovudoppgjer. Partane i industrien understrekar at det har vore tøffe forhandlingar, men samanfattar også med at resultatet er med på å sikre arbeidsplassar og sysselsetting både i «tida vi står i og har framfor oss».
Enn om partane i offentleg sektor kunne seie noko liknande etter oppgjera: Resultatet er med på å sikre god rekruttering og høg kvalitet både i tida vi står i og har framfor oss!