Business på offentlege tenester
Offentleg sektor og privat sektor har heilt ulike oppgåver. Offentleg sektor skal levere likeverdige tenester til innbyggarane over heile landet. Privat sektor skal tene pengar til eigarane sine.
Publisert: 5. februar 2018
Denne fundamentale skilnaden må ikkje forkludrast. Verken av konkurranse-iveren i EU-systemet, eller av privat sektor sin hang etter business.
Ein skulle tru at dette er opplagt. Men det er grunn til uro.
Eit offentleg utval har nyleg levert ein massiv rapport kalla «Like konkurransevilkår for offentlege og private aktører».
Fleirtalsvurderingane er ikkje overraskande: Private aktørar skal få betre vilkår for å konkurrere om offentlege oppgåver. Bak det heile lurer EU og EØS-avtalen. Og der i garden er overskrifta konkurranse, neste same kva det gjeld. Difor likar ikkje ESA, som skal passe på at reglane blir følgde, at offentlege etatar ikkje kan gå konkurs.
Men kravet om «like konkurransevilkår» handlar i denne samanheng om er at deler av næringslivet, med NHO i spissen, har økonomiske interesser av å tene pengar på enkelte offentlege tenester.
Eit sentralt element i denne strategien har i årevis vore å skulde offentleg sektor for å vere lite effektiv. Regjeringa meiner det same, og har oppretta utvalet. Dels for å tilfredsstille næringslivet, dels for å tilfredsstille ESA.
Konkurranse kan gi gode resultat på ei rekkje samfunnsområde. Det finst sjølvsagt døme på at offentleg verksemd har godt av både konkurranse og nye organiseringsformer. Så langt ser det til dømes ut til at opplegget med «Nye veier» har gitt gevinstar i form av meir effektiv vegbygging. Også Mesta (eit utskilt selskap) vedgår at dei har vore for tunge og trege, og at dei må fornye seg.
Men det finst også døme på at konkurranse fører offentlege institusjonar på villspor. Eit aktuelt døme er NRK, som kuttar i dei regionale tv-sendingane, fordi dei påstår at dei må bruke ressursane til å konkurrere på andre plattformer. Men kva skal vi med NRK viss dei ikkje skal drive radio og tv for heile landet?
Det finst område der staten og kommunesektoren driv avgrensa næringsverksemd. Vi ser det mellom anna i forskingssektoren, på kulturfeltet, innan vidaregåande opplæring, og enkelte andre område. Og ei periode har det vore populært å opprette kommunale selskap, som grensar mot business.
Dette bør det ryddast opp i. Konkurranse skal vere på like vilkår.
Sjukehussektoren har dessutan på fleire område utvikla seg til ein slags næringsaktør. Men det er resultatet av politiske vedtak.
Då er vi ved eit anna kjernespørsmål: Er det norske politikar som skal avgjere korleis offentleg sektor skal organiserast og drivast, eller er det EU- eller EØS-regimet? Svaret burde vere opplagt.
Det er og bør vere ei arbeidsdeling mellom offentleg og privat sektor. Det finst behov for rolleavklaringar og grenseoppgangar. Men å lansere eit storstilt prosjekt om «like konkurransevilkår» er å snu det heile på hovudet. Viss ein ikkje vil privatisere fleire offentlege tenester.
Dessutan vil det føre til både nytt regelverk og nye kontrolltiltak – altså meir av det regjeringa helst ikkje vil ha: byråkrati.
Men i neste omgang blir vel det eit nytt argument om den ineffektive offentlege sektoren? Og så har vi det gåande.