Unio-leiaren sin replikk:

Sentraliseringsiver

Debatten om sentralisering vil garantert prege kommunevalkampen. Saka har vore brennheit lenge. Det skal ikkje undre meg om det tar heilt fyr under Arendalsveka, som startar neste veke.

Publisert: 5. august 2019

Det ligg godt til rette for at Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum kan fyre av rakettane. Rett nok har samanslåinga av Aust- og Vest-Agder til eitt fylke frå 1.1.20 gått relativt roleg for seg. Motstanden og skepsisen er der hos somme, men ikkje på Finnmark-nivå! Men Vedum har sikkert fått med seg overskrifta i Agderposten 3. august: «Vil slå saman sju Nav-kontor i fylket». Her blir det vist til nye føringar frå regjeringa, og til Nav-leiarar som gjerne vil ha samanslåingar. Men planane «møter motstand frå kommunane».

I dette ligg kjernen til striden: På den eine sida dei som meiner at samanslåingar gir betre kvalitet, og andre som vil ha både kontor og gode teneste lokalt.

Sentralisering og urbanisering er såkalla megatrendar. Endringane skjer sakte, men sikkert – nesten over alt. Det er ikkje alltid like lett å definere drivkreftene, og kva som ligg bak. Mange slår seg til ro med at forklaringa er enkel: Stor vil bli større, og folk, særleg ungdom, vil til byen. Og det skal ikkje politikarane blande seg opp i, seier somme.

Så enkelt er det ikkje. I Noreg har det vore stor politiske semje om at det skal førast ein aktiv distriktspolitikk, og at det er viktig å oppretthalde busetnaden i heile landet. Bak dette ligg nok ikkje berre omtanken for lokalbefolkninga. Det handlar i stor grad om å sikre verdiskapinga, enten det er langs kysten eller i innlandet. Olje, gass, vasskraft, skog, jord og fisk er det lite av i Oslo, og andre storbyar.

Heller ikkje Senterpartiet har eit klart svar på korleis sentraliseringa skal handterast i praksis. Men det spesielle med dagens situasjon er at drivkreftene er sterkast nettopp på område som kan og bør styrast politisk. Det er først og fremst i staten at sentraliseringa skjer kraftigast. Regjeringa er dermed ein sterk sentraliseringsaktør, og trur tydelegvis at «størst er best» og at samanslåingar sikrar kvalitet. Nav er nemnt, politiet står i motvinden, sjukehusa og fødeavdelingane like eins. Høgskulane er i ferd med å bli utrydda, og sit at som små «universitetsavdelingar», enn så lenge. Dette skaper heftig debatt.

Men det skjer også ei stille sentralisering, ikkje minst på andre statsområde. I Vegvesenet, i domstolane, i Skatteetaten og i andre etatar som i mindre grad er i media sitt søkelys. I effektiviteten og kvaliteten sitt namn blir folk pressa til å reise milevis for å få møte statleg kvalitet, enten det er eit pass eller ein skifteattest som skal ordnast.

Ikkje underleg at Senterpartiet får gode målingar, særleg der i nord, der avstandane er størst. Det utfordrar partia både til høgre og til venstre. Difor vil det vere høg temperatur i under Arendalsveka, og i resten av valkampen.

Unio har medlemmer som bur og arbeider over så godt som heile landet – i bygd og by. Dei gjer nødvendig og viktig arbeid på land og sjø, og leverer tenester til folk der dei bur. Det må dei få halde fram med.

Sentraliseringsiveren må dempast.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv