Unio-leiaren sin replikk:
Over til Erna Solberg
– Erna er stjerna, runga det frå glade høgreveljarar i natt då valsigeren var klar. Gratulerer difor til Erna Solberg og dei andre leiarane på vinnarsida. Vi ønskjer lukke til med krevjande forhandlingar, og ser med spenning fram mot samarbeid med ei ny regjering og eit nytt Storting.
Publisert: 10. september 2013
Det er ein ny situasjon: Over til Erna Solberg & co.
Også Jens Stoltenberg gratulerte i natt, og gjorde seg klar for opposisjonsrolla. Begge frontfigurane takka kvarandre for valkampen og gav kvarandre ros. Slik tydeleggjorde dei begge den rause sida av norsk politikk.
Eg vil takke Jens Stoltenberg, dei raudgrøne partia og statsrådane for dialog og samarbeid gjennom to regjeringsperiodar. Stafetten går til ny regjering i forvissing om at det jamt over står godt – svært godt – til i Noreg.
Politikarar frå alle parti har stått på til det siste. Ikkje minst har partileiarane vist ei formidabel stayerevne gjennom valkampen. I TV2-debatten laurdag kunne vi vel ane at sisterunda røyna på og at fleire kjempa mot mjølkesyra. Absolutt til å forstå. Det røyna vel litt på for somme av sjåarane også. Litt mykje repetisjon. Det er grenser for kor fengande handlingsregelen kan gjerast.
Og her ligg nok litt av utfordringa for dei raudgrøne, særleg for stasministeren. For det første er forsvarsposisjonen som regel ekstra krevjande. Og sjølv om Jens er ein knakande god tv-debattant, skal det godt gjerast å framstille ein politisk framforhandla handlingsregel som gudegitt. Og kaosstrategien – at det meste går gale på borgarleg side – har kanskje verka noko arrogant, i alle fall på tvilande veljarar.
Og det har Erna Solberg spelt på når ho har møtt det med eit forsiktig smil og stigande tillit. Erna er ikkje ikkje den store folketalaren, og høgre har tapt oppslutnad under valkampen. Men ho er meir folkeleg enn mange forventar av ein høgreleiar. Det er inga ulempe når ho no blir regjeringssjef og koalisjonsleiar. Akkurat det blir nok tøffare enn å vere høgreleiar.
Det står att å sjå kva slags regjering vi får. Vil Kristeleg Folkeparti og Venstre gå inn, eller vere støtteparti?
Unio er budd både på samarbeid og tøffe tak. Vi satsar på at det vil finnast gode løysingar i eit konstruktivt trepartssamarbeid med ein ny konstellasjon. Ei regjering som vil lukkast på viktige område, må lytte til Unio og Unios medlemsforbund. Det veit nok Erna Solberg.