Unio-leiaren sin replikk:

Fornying

Vi må forenkle offentleg sektor, sa statsminister Jens Stoltenberg i talen sin under Unio-konferansen 7. desember. Det er for mange rapportar og skjema, slo han fast.

Publisert: 10. desember 2012

Statsministeren har rett, både når det gjeld problem og ambisjon. Og det er bra at han vil kalle partane inn til drøftingar på nyåret. Det var på høg tid med eit politisk initiativ i denne retning. Men ei ny sak er dette ikkje. Tvert imot. Statsministeren er helst seint ute, men bra likevel.

Og det passar godt med Unios prioriteringar. Representantskapet vedtok at Unio skulle prioritere arbeidet med å fornye og vidareutvikle offentleg sektor, og at dette måtte forankrast i tillit til den kompetente medarbeidaren. Dette må innebere at mange og omfattande rapporterings- og kontollregime må tonast ned.

Ifølgje KS går det med 10 000 årsverk til rapportering berre i helse- og omsorgssektoren. Halvparten driv med rapportering til staten.

Kultur og struktur heng i hop, sa Frank Aarebrot til Unio-konferansen, med eit lite spark til Gjørvkommisjonens kulturforklaring på problema.

Skal vi bli kvitt managementkulturen, må dei uoversiktlege offentlege strukturane forenklast. Her må staten gå føre, og rydde opp i eige hus. Staten er eit konglomerat av “geografiske” einingar som deler landet på kryss og tvers i smått og stort. Alle har sin eigen kundekrets – folk og einingar som skal motta forordningar og levere rapportar. Og i tillegg kjem sjølvsagt dei 19 fylka og dei 430 kommunane.

Færre kommunar er ein bra idé. Men ein statleg Harald Hårfagre er endå viktigare, med tanke på forenkling og fornying.

Men det aller viktigaste er å erstatte managementstyringa med fagleg leiarskap. Eit leiarskap forankra i tillit til medarbeidaren og som evnar å spele på erfaringar frå kvardagen.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv