Klimaframgang
Kan vi våge å snakke om klimaframgang når temperaturstigninga framleis har overtaket? Ja, det er i alle fall positive meldingar for klimaavtalen som har tikka inn dei siste dagane: Kina er klar for å godkjenne Parisavtalen. Det same skal USA vere. Dermed er to av dei største verstingane på plass – i alle fall på papiret. Dersom alle G20-landa også ratifiserer klimaavtalen, må vi kunne seie at den globale klimapolitikken er på frammarsj.
Publisert: 5. september 2016
For å kome vidare med Parisavtalen, må den internasjonale storpolitikken ta problema på alvor og vise veg.
Men skal resultata kome, må kvart enkelt land ta i bruk verkemiddel som monnar. Og det må løftast i flokk. Og skal det løftast i flokk, må klimatiltak prege kvardagslivet til folk flest. Vi må – kvar enkelt av oss – gjere vårt. Politikken må legge til rette – av og til med pisk, av og til med gulrot. Dei fleste godtar avgifter som inneber at den som forureinar skal betale. Men fordelinga må vere nokolunde rettferdig over tid. Viss du enkelt kan ta trikk eller sykkel til jobb m.m., kan du kanskje godta at bensinprisen blir dobla. Men ikkje alle er urbanistar. Mange må faktisk bruke bil til og frå jobb – ofte ganske langt, kvar einaste dag. Det må finnast meir treffsikre verkemiddel for å få heiagjengen for klimaet til å vekse. Unio i har både forventningar og krav til statsbudsjettet på dette området.
I årevis har Unio argumentert for ei sterkare kopling mellom arbeidslivspolitikken og klimapolitikken. Vi har i mange samanhengar, og overfor fleire statsrådar, tatt til orde for eit trepartssamarbeid på dette området. Politikarar av ulike fargar har vore lunkne, og hevda at det finst nok av arenaer. Det er rett. Men å nøle med å bruke arbeidslivet – partane, arbeidsplassane, tilsette, tillitsvalde og leiarar – i klimaet si teneste, er underleg passivt.
Rett nok er dei fleste hovudorganisasjonane med i regjeringa sitt klimaråd. Det er positivt, og nyttig. Også fordi vi som partar blir utfordra av andre klimaaktørar.
Men framleis er det noko som manglar: eit organisert og systematisk samarbeid mellom arbeidstakarsida, arbeidsgjevarsida og regjeringa på eit av tidas mest sentrale politikkområda. Sjølvsagt må både arbeidsministeren og klimaministeren vere pådrivarar og medspelarar, helst også statsministeren.
Når G20-landa klarer å bli einige om Parisavtalen, må det norske trepartssystemet klare å få eit forpliktande klimasamarbeid på plass – både på papiret og i praksis! Og det lyt skje fort.