Kompetansereform – kva trengst?

På nytt snakkar «alle» om etter- og vidareutdanning, om kompetansereform og om kompetansestrategi. Ein strategi som skal treffe alle. Som skal sikre arbeidsplassar, verdiskaping og velferd. Programerklæringane er offensive.

Publisert: 7. november 2018

Men korleis kome frå preik til praksis? Så langt har nær sagt ingen gitt konkrete svar på korleis dette skal gjennomførast, og i alle fall ikkje svaret på kven som skal betale for kva.

Det er opplagt at finansieringa – ikkje minst til å kjøpe arbeidstakaren «fri» til å skaffe seg utdanningstid – må på plass. Gamle slagord om å lære «skulder ved skulder» eller at «arbeidsplassen er den beste skulen» rekk kanskje eit lite stykke. Men det må langt meir til for å realisere ei kompetansereform som skal treffe breitt og djupt.

I tillegg trengst det også eit «system» for å utvikle og levere den nødvendige kompetansen. I stor grad finst denne infrastrukturen i det utdanningssystemet vi allereie har. Men den er i stor grad innretta mot spesialiserte utdanningsoppgåver, i mindre grad mot etter- og vidareutdanning som skal treffe eit breitt spekter av yrkesutøvarar, bedrifter og bransjar i rivande utvikling.

«Samarbeid utdanning–næringsliv» er enklare i konferansesalane enn i praksis. Det er det mange årsaker til.

Store delar av arbeidslivet er så effektivitetsorientert at det er knapt om tid til å gå i systematisk dialog med utdanningsinstitusjonane. Situasjonen er den same i utdanningane. Tida strekk ikkje til.

Bedriftene seier at utdanningssystemet må lære oss å kjenne. Svaret blir litt for ofte: Men de forstår ikkje kva som er utdanningssystemet si eigentlege rolle.

Heldigvis fint det også mange gode lokale og regionale døme på at ein har kome lenger enn til dette ping-pong-spelet. Men den nasjonale strategien manglar.

Universitet og høgskular har sjølvsagt den mest spesialiserte og forskningsbaserte kunnskapen. Men for at denne skal mobiliserast og bli hjernekraftverket for arbeids- og næringslivet, må første steget vere å reversere det blinde pengekuttet som heilt misvisande blir kalla eit effektiviseringstiltak.

Fagskulane er den delen av utdanningssystemet som klart er innretta mot etter- og vidareutdanning tilpassa næringslivet sine behov. Til tider verkar det diverre som om enkelte der er meir opptatt av å få høgskulestatus enn å levere på primæroppgåva.

Det største breiddepotensialet ligg likevel i det desentraliserte nettet av vidaregåande skular. Her finst både akademisk kompetanse og solid yrkeskompetanse, ofte godt tilpassa lokale behov.

Dei vidaregåande skulane har heilt klart eit godt utgangspunkt for å utvide arbeidsfeltet sitt og dermed bli distriktsforankra kunnskapsagentar i langt større grad enn i dag og for fleire.

Og eg vil legge til: Utan å svekkje det som er og skal vere primæroppgåva: utdanning av ungdom.

Føresetnaden er at fylkeskommunane også fornyar seg, og tar større ansvar.

At dette også utfordrar staten og finansieringssystemet er like opplagt. Ressursane manglar.

Ei vellukka reform på dette området vil ikkje berre gi meir kunnskap til fleire. Den vil også kunne gi eit løft for lærarrolla i vidaregåande opplæring. Lærarane får bruke eigen spisskompetanse på eit større område, og overfor fleire elevgrupper. Samfunnsoppdraget – å bygge kunnskap i samspel med andre aktørar – får ein ny dimensjon.

Ser politikarane dette? Finst det reell politisk vilje til å løfte ei kompetansereform frå programerklæringar til praksis?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv