Unio-leiaren sin replikk:

I front for utdanningsgruppene

2023 blir avslutta med viktige saker på toppen av dagsordenen i Unio: lønnsdanning, pensjon og arbeidsmiljø. Dette er saker som også har prega arbeidet gjennom heile året.

Publisert: 18. desember 2023

Unio har lenge kritisert frontfagsmodellen, særleg praktiseringa. Lenge kravde vi eit «utvida frontfag». Funksjonærlønna måtte også reknast med, ikkje berre arbeidarlønningane som blei forhandla først. Her låg ei klar feilkjelde, mellom anna fordi arbeidsgjevarane i offentleg sektor la «arbeidartalet» til grunn.

Holden III-utvalet frå 2013 innsåg problemet. Utfallet blei eit pålegg om at NHO i samråd med LO skulle levere eit truverdig anslag for samla lønnsvekst i industrien. Dermed var i prinsippet Unios krav om det «utvida frontfaget» langt på veg innfridd. Det gjekk likevel ikkje lenge før både gamle og nye svakheiter ved modellen kom til synes.

Eit nytt «Holden-utval» blei oppnemnt i januar 2023. At det trengst fire Holden-utval gjennom ein periode på godt 20 år er i seg sjølv eit farevarsel. Utvalet erkjenner no at det er utfordringar og spenningar knytt til modellen. Men på nytt slår fleirtalet ring om ein 60-år gammal tradisjon. Unio (og Akademikerne) leverer ei kritisk støtte til modellen, og framhevar at praktiseringa må vere så fleksibel at det er «lov» å bruke lønn til å tette urimelege lønnsgap. Dette er nødvendig også for å rekruttere kompetent arbeidskraft til offentleg sektor. Debatten går nok vidare inn i komande lønnsoppgjer.

Regjeringa si julegåve til yngre generasjonar er at dei må arbeide lenger for å få «full pensjon». Pensjonsreforma sitt tyngste innstrammingsgrep er levealdersjustering. Vi lever lenger og difor må vi arbeide lenger, gjentar arbeidsministeren gong på gong. Det inneber at ein person som er fødd i 1984 må arbeide litt over to år lenger enn ein som er fødd i 1964, at uføre delvis skal skjermast for levealdersjusteringane, og at minsteytingane i alderspensjonen skal regulerast i takt med lønnsveksten.

Men stortingsmeldinga frå regjeringa gir ikkje svar på korleis pensjonsvilkåra skal vere for dei som ikkje maktar å stå lenge nok til å leve opp til ideala i pensjonsreforma. Det kan dessutan verke som om regjeringa vidarefører eit smalt slitarbegrep – menn i industrien med tungt arbeid. Realiteten er at det i stor grad er i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor som kan bli mest skadelidande av den nye pensjonsordninga. Sjukepleiarar og barnehagelærarar er mellom dei dei som må forlate yrkeslivet først, faktisk allereie i 50-åra. Altfor mange blir med andre ord uføre, og maktar ikkje å stå lenge nok i arbeid. Og endå fleire blir ramma dersom ordninga med særaldersgrenser blir svekt.

Ei undersøking som SINTEF har utført for Unio viser at ei rekkje yrkesgrupper som arbeider med og for folk har svært krevjande arbeidsforhold. Det psyko-sosiale arbeidsmiljøet blir i stor grad forsømt i HMS-arbeidet. Dette medverkar i høg grad til at altfor mange blir sjuke, og uførepensjon blir vegen ut av arbeidslivet. Dette er uakseptabelt.

Det er altså ikkje nok å krevje høgare pensjonsalder. Det må settast inn ein kraftinnsats for å betre arbeidsforholda for mange yrkesgrupper. Her har både regjeringa og arbeidsgjevarane eit stor oppgåve og eit klart ansvar. Difor er det bra at det no er arbeid på gang for å betre regelverket.

Unio avsluttar 2023 med klare ambisjonar om å halde fram arbeidet for å styrke satsinga på kunnskap og forsking på brei front. Høgare utdanning skal og må lønne seg betre for den enkelte, slik det gjer for samfunnet som heilskap. Unio skal framleis stå i front på vegne av utdanningsgruppene.

Eg ønsker GOD JUL til medlemmer og tillitsvalde, saman med eit sterkt ønske om våpenkvile og fred.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv