Unio-leiaren sin replikk:

Framsnakking held ikkje

Framsnakking kan vere fint. Som strategi for å rekruttere og behalde fagfolk held det ikkje. Statsråd Sandra Borch er bekymra for den svake rekrutteringa til sentrale profesjonsutdanningar. Særleg gjeld dette lærarutdanningane og sjukepleiarutdanningane. Eit botemiddel er å framsnakke yrka, meiner statsråden ifølgje Khrono (20.9.). Legg ein godviljen til, kan ein i beste fall seie at dette er like naivt som det er gammalt nytt.

Publisert: 25. september 2023

I tillegg går statsråden langt i å framsnakke tanken om å fjerne dagens karakterkrav. Det må bli lettare å kome inn på desse utdanningane, meiner ho. Statsråden er nok ikkje åleine om ønsket om å kvitte seg med slike standarkrav. Men ofte blir det gløymt at ei årsak til slike karakterkrav er at dei med best føresetnader for å studere søker seg til andre fagområde.

Slik sett er karakterkrava ei kunstig «sikringsmekanisme» både for at studentane har det faglege nivået som gjer dei klare til å studere og til å fullføre. Målet må vere at desse viktige yrka er så attraktive at søknaden er så stor at ein slepp å stille karakterkrav.

Det har vore mange framsnakkingskampanjar, ikkje minst med tanke på rekruttering til læraryrket. Dagens situasjon viser at dei ikkje har fungert godt nok.

For ein del yrke er det dessverre ein lang tradisjon å redusere på kompetansekrav når det er vanskeleg å skaffe nok fagfolk. Mest hyppig har dette vore «nødvendig» i skulen. Gjennom åra har det skjedd av ulike årsaker og med ulike grunngjevingar. Resultatet er at alt for mange underviser utan å ha kvalifikasjonane i orden.

I helsesektoren er det fleire formelle sertifiseringsordningar som i nokon grad bremsar tilsettinga av ufaglærte, i alle fall for ein del stillingskategoriar og oppgåver. Men problema er velkjende i denne sektoren også. Når det manglar sjukepleiarar «må» andre ta over, er ofte svaret. Særleg ser vi dette i kommunane.

Det nyttar ikkje å satse på glansbildestrategien. Både unge og vaksne ser at arbeid med og for folk er tøffe jobbar. Dei ser at ressursar er ei like stor mangelvare som kvalifiserte medarbeidarar. Difor blir det ikkje mange nok til å fylle studieplassane.

Sjølvsagt vil det over tid vere svingingar i arbeidsmarknaden. Vi har sett at det i tider med arbeidsløyse og usikre økonomiske forhold, søker fleire seg til yrke som aldri går av moten. Men å håpe på dårlege tider er sjølvsagt ein håplaus strategi.

Yrka må bli meir attraktive.

Difor er det to klassiske hovudspor som må følgjast:

  • Ein kraftig lønnsauke.
  • Eit klart betre arbeidsmiljø, ikkje minst må det psykososiale arbeidsmiljøet overhalast.

I tillegg: Kva kan gjere sjølve utdanningane betre og meir attraktive?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv