Unio-leiaren sin replikk:
Studentane sin tur!
Regjeringa og Stortinget har levert mange krisepakkar gjennom pandemien. Det meste har vore både rett og rimeleg. Store delar av arbeids- og næringslivet er avhengige av statlege støttetiltak når inntektene sviktar som følgje av at styresmaktene har iverksett strenge smittevernetiltak. Men ei gruppe er gløymt, eller neglisjert. Studentane!
Publisert: 18. januar 2021
Studentane er ei stor gruppe. Om lag 300 000 studentar har arbeidet sitt ved høgare utdanningsinstitusjonar i Norge og ved utanlandske universitet.
Studentane investerer i si eiga utdanning, i hovudsak gjennom lån i lånekassa. Sjølv om noko av støtta er stipend, må dei aller fleste studentar ha deltidsjobbar for å få ein anstendig økonomi. For mange fell desse inntektene vekk under pandemien.
Difor er den økonomiske situasjonen prekær for mange studentar. Studentar har ikkje det sikkerheitsnettet som arbeidstakarar har. Dei har verken rett til dagpengar eller arbeidsavklaringspengar. Mange slit difor no med å få endane til å møtast. Kunnskapsnasjonen Noreg kan ikkje behandle studentane slik.
Nedstenging av campus, usikker økonomi, dårlege forhold for praksis, og mangel på sosiale møteplassar fører til ein situasjon prega av uvisse. Gjennom pandemien har studentane hatt liten innverknad på avgjerder som er tatt, og som har vore svært inngripande.
Eg har ved fleire høve tatt opp studentvilkåra med regjeringa, seinast i Arbeidslivspolitisk råd no på nyåret. Ei periode har arbeidsministeren og «studentministeren» vore den same, i og med at Henrik Asheim har vikariert for Torbjørn Røe Isaksen. Statsråden har i beste fall vore unnvikande i svara sine. Han har stort sett nøyd seg med å lytte. Og å vise til at studentane i 2020 fekk ein krisepakke i form av ekstralån, og litt stipend, og at studentane ikkje «brukte opp» heile låneramma. Men det er slett ikkje underleg om somme kvir seg for å ta opp endå meir lån!
Mange studentar startar dette semesteret under svært usikre forhold. Både økonomisk, fagleg og sosialt. Difor må det kome ein krisepakke til studentane. No!
Studentane er ei stor og mangfaldig gruppe. Studiestadane er også ulike og spreidd over store delar av landet. Eg skal difor ikkje her og no talfeste storleiken på krisepakken. Regjeringa må på vanleg måte analysere situasjonen og behova, og så gå i dialog med studentane. Eitt alternativ kan vere å auke stipendet med eit omfang som svarar til ein til to månaders stipenddel. Både i omfang og profil må krisepakken vere slike at den kan avbøte både dei økonomiske, faglege og sosiale utfordringane studentane står i.
Studentane er sjølvsagt ikkje åleine om å bli isolerte og einsame i pandemien, men dei er ekstra sårbare. Særleg gjeld det førsteårsstudentane. Somme har nyleg flytta heimanfrå og manglar kjenningar og nettverk. Mange har dårlege vilkår for «heimekontor». Difor er det viktig å finne løysingar som kan gi studentane betre tilgang til lesesalar, bibliotek og grupperom. Sjølvsagt trengst det gode rutinar og klare smittevernreglar.
No må regjeringa ta grep og sikre studentane ein nødvendig krisepakke! Det handlar i dobbelt forstand om framtida – om kunnskapssamfunnet! Det er studentane sin tur!
.