Unio-leiaren sin replikk:

NHO med null komma null

Vi er vane med at NHO og Norsk Industri ikkje syng reint før tariffoppgjera. Dei spelar også jamt og trutt moderasjonsmelodien. Særleg viktig er det at lønnsveksten i offentleg sektor blir halden i sjakk. I fjor skrudde NHO volumet ekstra opp: Nulloppgjer var vedtaket som låg til grunn for frontfagsoppgjeret.

Publisert: 16. februar 2021

– Alle må vise solidaritet, proklamerte NHO-sjef Ole Erik Almlid, og forsikra: – Jeg er overbevist om at alle våre bedrifter i NHO i solidaritet med alle som ikkje har jobb vil følge opp og gi null i sentralt og null i lokalt tillegg i år.

Slik gjekk det ikkje. Det er lov både å ta litt hardt i, og det er lov å bomme. Meklingsresultatet blei ei ramme på 1,7 prosent. Og straks var NHO-sjefane ute og kravde at alle andre måtte leve opp til denne fasiten.

Då skulle ein forvente at NHO sjølv levde opp til sine eigne krav. Men det skjedde heller ikkje. No er TBU sin første fasit publisert. Rapporten er ikkje endeleg. Årslønnsveksten i NHO-bedrifter er 2 ¼ prosent, godt over det som skulle vere frontfagsresultatet.

Virke har snakka om krise for sine medlemmer gjennom heile året. Årslønnsveksten for varehandelen i Virke-bedriftene er på 3 ½ prosent, litt meir enn Finans som har fått 3 ¼.

Som vanleg har arbeidsgjevarane i offentleg sektor bøygd seg djupt for frontfaget. Dei heldt seg til fasiten på 1,7 prosent, med god hjelp frå riksmeklaren.

Oppgjera i offentleg sektor har enda på 1,7 prosent, eller hårfint over. Det er langt under det faktiske resultatet frå det kriseråka næringslivet. Dei store sektorane har ikkje ein gong greidd å vise lønnssolidaritet med seg sjølve! Det har dei overlate til offentleg sektor.

Når dette skjer i eit kriseår som dette, slår det ein ny sprekk i frontfagsmodellen og korleis denne blir praktisert. Det er unntakstilstand, sa Stein Lier-Hansen som eit oppspel til forhandlingane, kanskje i håp om at dei fleste hadde gløymt at han har varsla nulloppgjer i seks industrioppgjer på rad.

Truverdet til NHO og Norsk industri er på nivå med deira eigne lønnskrav: Null komma null!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv