Unio-leiaren sin replikk:

Godt nyttår!

Eg ønskjer både tillitsvalde og medlemmer i Unio-forbunda godt nyttår. Vi går ikkje berre inn i eit nytt år, men også eit nytt tiår. Det blir eit år og ein periode med mange og store oppgåver for fagrørsla, men det er også god grunn til å møte det nye med både optimisme og forventningar.

Publisert: 6. januar 2020

I nyttårstalen sin framheva statsminister Erna Solberg FNs berekraftsmål. Berekraftsmåla er, kort sagt, ein global samarbeidsstrategi i regi av FN der målet rett og slett er å berge planeten. Gjennom berekraftsmåla er det gjort vedtak om kva det globale samfunnet må oppnå i løpet av den tiårsperioden vi no går inn i. Dei tre hovudområda er klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.

Økonomi og sosiale forhold er velkjende tema for Unio og medlemsforbunda. Her har vi ein lang og solid tradisjon å bygge på. Miljø- og klimapolitikk har vore ein del av arbeidet vårt gjennom fleire år, men er likevel område der vi ikkje har ein like solid tradisjon. Vi har som fellesskap likevel forplikta oss på forsterka innsats på dette området. Det inneber mellom anna at temaet må få ein tydelegare plass i opplæringa av tillitsvalde. Av og til kan det vere krevjande å svare på spørsmål om kva organisasjonar og medlemmer konkret skal gjere. Men det i seg sjølv må ikkje hindre oss.

Vi treng diskusjonar, men i sum har vi både tilstrekkeleg med innsikt og innflytelse til å konkretisere både mål og tiltak ytterlegare. I den samanheng er god grunn til å lytte ekstra til unge medlemmer og tillitsvalde som markerer tydlege forventningar om at fagforeiningane tar på seg ei grøn leiartrøye innan miljø- og klimapolitikken. Det er opplagt at ei kraftfull satsing i arbeidslivet krev samarbeid mellom arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida. I så måte er det svært positivt at klimaarbeid fekk ein forsterka plass i hovudavtalen mellom Unio og KS.

Ved inngangen til eit nytt år vil eg også trekkje fram to andre viktige arbeidsområde for Unio. Det eine knyter seg til arbeidet i det regjeringsoppnemnde sysselsettingsutvalet, der Unio er representert. Eit hovudspørsmål her er: Kva må gjerast for at fleire kan stå lenger i arbeid? Her kan det vere mange forklaringar på dagens situasjon og mange svar på framtidige tiltak. Men noko av svaret er opplagt å finne på eit anna viktig område; oppfølginga av IA-avtalen. Nye bransjeprogram skal utviklast, mellom anna innan barnehage- og helse- og omsorgssektoren. Det ser heldigvis ut til at stadig fleire innser kor viktig eit godt arbeidsmiljø og ei god arbeidshelse er for både produktivitet og økonomi, og ikkje minst for at den enkelte skal kunne stå lenger i arbeid.

Tariffavtalane er grunnmuren for fagforeiningane. Unio skal, saman med forbunda, vere ein sterk og offensiv forhandlingsaktør. I år er det hovudtariffoppgjer. Det inneber at det i tillegg til lønn er ei rekkje andre avtalevilkår som ligg på bordet. No på nyåret må vi som vanleg rekne med at arbeidsgjevarane med NHO i spissen vil kome med sine tradisjonelle utspel om dystre eller usikre økonomiske utsikter. Krav om moderasjon frå arbeidstakarane, særleg i offentleg sektor, pleier vere ein «sikker» bodskap. Og regjeringa vil nok spele om lag same melodi. Den same bodskapen gjeld tydelegvis ikkje for toppsjiktet i offentlege og halvoffentlege selskap, der eit vanvettig lønnsnivå ser ut til å vere normalen.

Då er det all grunn til å minne om følgjande: Det er stort behov for godt utdanna arbeidskraft på ei rekkje område, ikkje minst i offentleg sektor. Utdanningsgruppene i offentleg sektor får klart dårlegare betalt enn tilsvarande grupper i privat sektor. Sidan det er flest kvinner som arbeider i det offentlege, skaper dette eit betydeleg likelønnsgap.

Utdanning, kompetanse og ansvar må verdsettast betre. Det er eit sjølvsagt grunnlag for det komande hovudtariffoppgjeret.

Godt nyttår!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv