Unio-leiaren sin replikk:

Godt nytt år – fleire forventningar

Erna Solberg har fått både ros og ris for sin første nyårstale som statsminister. Så er då også nyårstalen er ein svært spesiell sjanger. Det mest samlande er kanskje at vi alle kan finne noko å kritisere, eller i det minste noko som mangla. Typisk nok har statsministeren fått mest kritikk for det som mangla i talen. – Hadde ho tatt med klimaproblema og kampen mot fattigdom, hadde det blitt ein seksar, sa støttespelar Knut Arild Hareide.

Publisert: 3. januar 2014

Også Jens Stoltenberg var raskt ute med kritikk for at klima mangla. I alle fall heilt til det fløymde over av twittermeldingar om at Jens sjølv gløymde klimasaka i sin eigen landsmøtetale.

No har det forresten ikkje akkurat vore mangel på klimatalar og klimaproklamasjonar dei siste åra. Vi bør snarare forvente betre klimapolitikk og fleire tiltak som verkar – nasjonalt og internasjonalt.

I alle fall: Statsministeren snakka om minst tre viktige «Uniosaker».

  1. Ho fokuserte på psykiske helseplager, og kalla det ein folkesjukdom. Ho lovde å styrke det psykiske helsetilbodet. Det er bra. Mange har sagt det før. Eg forventar handling. Eg forventar at barn og unge får eit betre tilbod. Då må skulehelsetenesta styrkast og det trengst definitivt fleire helsesøstre – av begge kjønn.
  2. Vi skal ha eit arbeidsliv med plass til alle, slo statsministeren tydeleg fast. Bra. Ho la press på både arbeidstakarsida og arbeidsgjevarane. Og på regjeringa. Eg forventar at desse ambisjonane står fast under forhandlingane om ny IA-avtale. Det trengst tydelege tiltak, tiltak som forpliktar og stimulerer arbeidsgjevarar til å tilsette dei som står utanfor eller har «hol i CVen». Fleire mellombels tilsette, er derimot skadeleg medisin for norsk arbeidsliv. Den ideen må kort og godt leggast vekk!
  3. Og så slo Erna Solberg eit slag for kunnskapen. – Vi vil skape det norske kunnskapssamfunnet. Det er ein ambisjon som kunne ha vore henta frå Unios politiske plattform, nyleg vedtatt av representantskapet. Erna har gjennom heile fjoråret hamra inn kunnskapsbodskapen, ikkje mist under valkampen.

No er det vel ingen som er ueinig i at kunnskap er viktig. Og lovnader har det vore mange av.

Difor legg Erna Solberg eit kraftig press både på seg sjølv og regjeringa. Ho skaper nye forventningar hos lærarar og andre utdanningsgrupper. Neivel, det handlar ikkje berre om pengar. Men det handlar også om pengar. Satsing må vise att i budsjettet. Revidert budsjett er første sjanse. Og eg minner om at før den tid skal det gjennomførast eit hovudtariffoppgjer. Eg seier ikkje meir – no.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv