Unio-leiaren sin replikk:

Ny giv for maritim sektor

For eit par veker sidan fekk fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overlevert ei viktig utgreiing, kalla Maritim21-strategien. Hovudelementa er satsing på kunnskap – forsking og innovasjon. Dette er ein offensiv strategi som kan legge grunnlaget for ei nødvendig og storstorstilt satsing på dei maritime næringane. Føresetnaden er sjølvsagt at regjeringa og Stortinget følgjer opp, ikkje minst gjennom infrastruktur og finansieringsordningar.

Publisert: 14. februar 2022

Strategigruppa har vore leidd av dekan ved NTNU Ingrid Schjølberg. Administrerande direktør i Det norske maskinistforbund, Hege-Merethe Bengtson, har vore Unios representant i gruppa. Det er ein grundig og målretta strategi som avteiknar seg, der kunnskap og forsking står sentralt. Noreg skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, der eit av måla er at skipsfarten skal bli ein spydspiss i det grøne skiftet. Fleire forhold peikar i retning av at dette målet kan nåast i løpet av nokre år. Noreg har sterke tradisjonar og rike naturressursar som gir eit godt utgangspunkt. Dessutan er dei maritime næringane alt no kunnskapsbaserte med tilsette som har høg kompetanse. I tillegg er den norske arbeidslivsmodellen i seg sjølv eit konkurransefortrinn, slik statsråden framheva då han fekk overlevert strategien.

Men gode resultat kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst både politisk vilje og økonomisk satsing.

Oppsummert framhevar strategien tre hovudområde for strategisk forskings- og innovasjonsinnsats.

  1. Ei omfattande digital satsing retta mot auka konkurransekraft.
  2. Koordinert innsats og samarbeid på tvers av maritime næringar med tanke på å utvikle og ta i bruk teknologiske løysingar som gir låge eller ingen CO2-utslepp.
  3. Analysere mogelege hindringar for grøn og sikker sjøtransport, og å fjerne desse.

Sjøfarten og andre maritime næringar er overmåte viktige for Noregs verdiskaping og dermed for sysselsetting og velferd. Dessverre har delar av sjøfarten vore i både uver og ureint farvatn dei siste åra. Både Dnmf og Unio har ofte med rette kritisert uverdige arbeidsvilkår og sosial dumping i norske farvatn. Både Hurdalsplattforma og statsråden har varsla tiltak for å rydde opp, og for å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. Det er både bra og nødvendig – det er ein naturleg og sjølvsagt del av den norske arbeidslivsmodellen, og dermed grunnmuren også for Maritim21-strategien.

Skal vi lukkast med å utvikle og sikre posisjonen som ein verdsleiande maritim nasjon, må kunnskapsstrategien og arbeidslivsstrategien gå hand i hand. Etter Unio sitt syn, er dette strategiar som er gjensidig avhengige av kvarandre. Ei slik kopling er heilt avgjerande for at næringa skal nå målet om ein klimanøytral flåte innan 2050.

Det var ein positiv statsråd som tok imot rapporten. Det er eit godt utgangspunkt for vidare oppfølging. Men vi veit at det blir kamp om politiske prioriteringar og pengar i åra som kjem, så her må vi «trykke på» vidare.

Det skal Unio gjere. Martim21 kan i realiteten oppsummerast med eit kjent Unio-slagord: Kunnskap i front. Og det gjeld både på brua, på dekket og ikkje minst i maskinrommet!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv