Unio-leiaren sin replikk:

Marknad og matmonopol

Aftenposten fortel (7. mai) om matmonopolistar som håvar inn pengar. Det er knappast noko nytt. Men at fortenesta no ligg på om lag 15 prosent, tyder på at nokon taper så det merkast, eller at nokon betaler for dyrt.

Publisert: 11. mai 2015

Oppslaget kjem same dag som ”fattige barn” er ei anna toppsak i media. Også dei fattige må ha mat og daglegvarer. Dei medverkar også til at matbaronane gjer god business. I forhold til inntektsnivået, er ikkje mat spesielt dyrt her til lands. Men for dei som lever under fattigdomsgrensa, stiller det seg annleis.

Marknad og konkurranse heng liksom i hop. To sider av same sak. Som skal gi kvalitet og ”rett” pris for dei som kjøper. Men det funkar visst ikkje heilt slik i daglegvarebransjen. Forbukarombodet er bekymra. Utviklinga tyder på meir marknadsmakt og mindre konkurranse, er diagnosen frå det haldet. Kanskje rett. Og i alle fall noko å ha in mente i samband med debatten om konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester!

Så kanskje hadde Sylvi Listhaug gode poeng då ho for ei tid sidan hissa seg kraftig opp over martvarekjedene, og skulda dei for å drive opp prisane Men særleg langt kom ho ikkje, trass i at det ligg meir enn ei utgreiing om markanad og mat i departementsskuffene.

Igjen ser vi at når marknaden – under overskrifta konkurranse – skaper monopolliknande situasjonar, er det kunden som taper og kapitalen som vinn. Vi ser stadig vekk at aktørar som snakkar positivt om konkurranse, prøver å skaffe seg kontroll og redusere konkurransen når dei ser seg tente med det. Som når store kjeder lagar avtalar som pressar ut andre, slik det no skjer når det gjeld utkøyring og transport av varer.

Dei store eigarane – Norgesgruppen, Reitangruppen og Orklagruppen – driv sjølvsagt lovleg. Oppkjøp og anna er godkjende av Konkurransetilsynet.

Er det noko å gjere med dette då? Tja, dei ulike ”kommisjonane” har ikkje funne løysinga. Og både landhandelen og matvarebutikken på hjørnet er borte. Langt på veg svikta av oss vanlege forbrukarar, som også er marknadsaktørar. Men det var vel ikkje marknadsmonopolet og sentralisering vi ville støtte?

Og midt opp i dette er det eit politisk prosjekt å svekke lokalbutikken ytterlegare. Søndagshandel er visst blitt ei kampsak for regjeringa.

Regjeringa burde bruke energi og handlekraft på å vurdere forholda i daglegvarebransjen i staden. Sjå nærare til dømes på konkurransevilkår og valfridom. Og la søndagen vere søndag.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv