Unio-leiaren sin replikk:

Stor innsats frå universitet og høgskular

Mange yrkesgrupper har fått fortent ros for innsatsen under pandemien. Det har vore gjort ein kraftinnsats på ei rekkje arbeidsplassar. Både helsepersonell og andre har stilt opp, utanfor “tariffen”, ofte med risiko for eiga helse. Her vil eg trekkje fram ei gruppe, som til tider har gått under medieradaren: Dei tilsette ved universitet og høgskular.

Publisert: 21. april 2021

Det er ei samansett gruppe, med stort spenn i kompetanse, erfaring og oppgåver. Men dei har minst eitt kjenneteikn til felles. Dei arbeider i kunnskapsfronten, om enn i ulike roller. Og ikkje minst – saman har dei ansvar for nærare 300 000 studentar. Studentane var også lenge langt bak i rekkja når det galdt støttetiltak og oppfølging frå styresmaktene.

Dei tilsette ved universitet og høgskular har strekt seg langt for å gi tilfredsstillande undervisning og rettleiing til studentane under pandemien. Kreativiteten har vore stor, og tiltaka mange, for å bøte på at vanleg undervisning ikkje har latt seg gjennomføre.

Trass i iherdig innsats frå dei tilsette er det mange studentar som slit. Særleg har det vore krevjande for førsteårsstudentar. Digital undervisning er krevjande for mange, på begge sider av skjermane. Og det er tydeleg at denne undervisningsforma i beste fall er eit supplement til undervisning i auditorium og klasserom. I tillegg er det vanskeleg for mange studentar å handtere livet på hybelen, utan den sosiale kontakten på lærestadane.

Sjølv om dei tilsette har stått på og funne ei rekkje kompenserande tiltak, ser det ut til at mange studentar kan kome til å slutte eller bruke lengre tid på å fullføre studiane. Til dømes seier kvar femte student ved Universitetet i Bergen at dei vurderer å bryte av studiane. (BT, 15.4.2021). Dårlegare læringsutbytte og svakare progresjon er blant årsakene.

Likevel har Koronakommisjonen funne at studiepoengprogresjonen er større i 2020 enn i 2019. Fleire studentar har også oppnådd beste karakter, A. Det kan vere fleire grunnar til karakterframgangen.

I tillegg rapporterer fleire institusjonar at forskarar har publisert meir i 2020 enn i 2019. Det er tydeleg at forsking og undervisning har gått hand i hand også under pandemien. Alt i alt understrekar dette at det har vore gjort ein sterk koronainnsats ved universitet og høgskular. Store verdiar er skapte i denne sektoren, også under denne unntakstilstanden. Og det er ikkje akkurat ei høglønt gruppe vi snakkar om – utdanning og kompetanse tatt i betraktning!

Det er, som det stadig blir sagt, kunnskap vi skal leve av i åra som kjem. Og det er kunnskap og kompetanse som er nøkkelen til det grøne skiftet.

Difor skal vi alle sette stor pris på den dagleg innsatsen ved universiteta og høgskulane.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv