Regjeringa med krokfot på pensjonistane
Etter årets trygdedrøftingar har landets pensjonistar all grunn til å kritisere regjeringa. For tredje år på rad taper pensjonistane kjøpekraft. Grunnbeløpet aukar med ein tusenlapp, prisveksten for 2017 er berekna til om lag to prosent. Det blir altså reallønnsnedgang for pensjonistar flest i 2017.
Publisert: 22. mai 2017
Pensjonsreforma la rett nok opp til at pensjonane skulle underregulerast, lønnsvekst minus 0,75 prosent. Men den tid var reallønsveksten klart høgre enn dei siste par åra, og intensjonen var at pensjonane skulle regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Det var ulike syn på underreguleringa den gongen også, men knapt nokon såg for seg at regelen skulle misbrukast til å straffe pensjonistane ytterlegare. Det er det som no skjer.
Det verkar som om regjeringa møter pensjonistane og organisasjonane med både arroganse og ignoranse. Ignoranse fordi mykje tyder på at regjeringa ikkje forstår eller tar innover seg korleis det kollektive systemet fungerer, og at organisasjonane representerer medlemsinteresser.
Alle organisasjonane som møtte i drøftingane argumenterte for at utgangspunktet for fastsetting av pensjonane skulle vere ein lønnsvekst på 2,4 prosent i 2016. Regjeringa heldt hardnakka på at talet skulle vere 1,7 prosent, vel vitande om at det ville vere å straffe pensjonistane ekstra hardt. Talet 1,7 finst rett nok i nasjonalrekneskapen. Om det er arroganse eller ignoranse som gjer at regjeringa ikkje har fått med seg at 2016 var eit spesielt år i arbeidslivet og i lønnsutviklinga, skal eg ikkje ha sagt. Mange godt betalte i næringslivet miste jobbane, noko som slår ut i statistikken. Dette er godt dokumentert.
Difor osar det dårleg samvit når regjeringa rett før drøftingane prøver å reparere skaden ved å gi nokre kroner i skattelette for somme av pensjonistane. Det er mogeleg regjeringa trur at det meste kan fiksast gjennom skattelette. Så lettlurte er ikkje pensjonistar flest. Dei ser nok at dette er eit forsøk på å gå rundt «forhandlingane», og at regjeringa endå ein gong prøver å sette krokfot på det organiserte og representative systemet. Dessutan – pensjonistane er også veljarar. Dei har gode grunnar til å straffe regjeringspartia til hausten – akkurat som regjeringa straffar pensjonistane.
Unio og fleire andre organisasjonar har kravd at pensjonane må regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Det vil vere ei meir stabil og ei meir rettferdig reguleringsmekanisme, enn den blinde underreguleringa med minus 0,75 prosent. Dessutan er dette klart meir i samsvar med det Stortinget i si tid la opp la til enn det regjeringa har pressa fram gjennom årets trygdeoppgjer.
Stortinget bør sette inn ei kontant, men rein takling, på regjeringa når trygdeoppgjeret skal på dagsordenen i nasjonalforsamlinga.