Unio-leiaren sin replikk:
Med lønnsdumping som forbilde
– Vi har mislykkast, proklamerer direktørane Haukaas og Lier Hansen i Dagens Næringsliv 25.1.
Publisert: 30. januar 2012
I årevis har Stein Lier Hansen forsvart frontfagsmodellen og hardnakka hevda at industrien må forhandle først. Industrien veit kva for lønnsvekst landet toler, og andre må rette seg etter det, har vore devisa. Spekters Lars Haukaas har kalla frontfaget ”sjefen” for lønnsforhandlingane. Frontfaget har ansvaret for kontrollen over lønnsutviklinga, særleg i høve til andre sektorar, har vore den vanlege Spektermelodien.
Lønnspolitikken i Noreg må endrast, meiner direktørane, tydelegvis noko desillusjonerte og resignerte. Lier Hansen mimrar om gamle dagars bonus til jul. Og Haukaas meiner sjølvsagt at lønnskostnadene er for store. Det er derimot ikkje nytt, tvert imot.
Dei viser mellom anna til Tysklands låge lønnsvekst. Der har veksten vore sju prosent dei siste ti åra, mot om lag 50 prosent her til lands. Dermed blir Tyskland eit slags forbilde for dei to direktørane.
Haukaas og Lier Hansen må gjerne ønske seg til Tyskland. Men å bruke tysk økonomi og lønn som forbilde kan ikkje vere alvorleg meint. I Tyskland har det, mellom anna gjennom storstilt import av billeg arbeidskraft, skjedd ei kraftig lønnsdumping. Meir enn fire million arbeidstakarar har ei lønn på 8 euro i timen – knappast ei lønn å leve av. I tillegg har store delar av middelklassen blitt trekt nedover både når det gjeld lønn og levekår. Dette har verken forbetra tysk produktivitet eller konkurranseevne.
Lier Hansen og Haukaas klagar høglydt over høg lønnsvekst i Noreg. Og over svekka konkurranseevne. Kven er det så som har forhandla industrien til denne posisjonen? Det har først og fremst skjedd gjennom frontfaget – både sentralt og lokalt. Her har Lier Hansen vore ein sentral aktør og forsvarsadvokat. Og Haukaas har heia og klappa, om enn frå sidelina.
Det er tafatt når dei prøver å skulde på andre. Grupper må ikkje samanlikne seg med kvarandre, meiner dei. Lønn skal forhandlast lokalt, slår dei fast. Og melder seg ut. Og litt febrilsk prøver dei å peike på offentleg sektor som ei av årsakene til at det går gale.
Neste gong dei gong dei hyllar frontfaget, veit vi alle fall at dei ikkje meiner det.