Unio-leiaren sin replikk:

Staten treng kompetanse

“Vi bruker for mye penger på å kjøpe ikt-kompetanse”. Det seier statsråd Rigmor Aasrud til Dagens Næringsliv (23.2.). Ho vil opprette ei eiga doktorgradsordning for ikt i det offentlege. Målet er å auke ikt-kompetansen i det offentlege – og å halde på den, understrekar statsråden.

Publisert: 25. februar 2013

Dette er ei nødvendig sjølverkjenning. Og eit fornuftig tiltak. Og samstundes er det ein paradoksal situasjon: staten har eit hovudansvar for høgre utdanning, eig dei fleste universitet og høgskular og er storforbrukar av kompetanse – også ikt-kompetanse. Men staten har ikkje satsa nok i kampen om å rekruttere og behalde nødvendig kompetanse. Difor må ein ty til særordningar, som dette pilot-prosjektet. Like fullt – det er ein god ide. Og behovet stoppar neppe med ei småskalasatsing på ikt.

Dessutan, kor lenge blir slike kandidatar i statens teneste? I næringslivet er lønnsvilkåra på eit heilt anna nivå, ikkje minst for slik kompetanse som det her er tale om.

For litt sidan kom dei førebelse lønnstala frå Teknisk berekningsutval (TBU). Det mest overraskande var at industrifunksjonærane hadde same lønnsutvikling som både industriarbeidarar og størstedelen av offentleg sektor. Vanlegvis ligg lønnsveksten for industrifunksjonærane cirka ½ prosentpoeng over desse gruppene. Andre funksjonærar i NHO-området har alt no ein vekst på 4 ½ prosent.

Men Rigmor Aasrud bør også sjå på tala for lønnsnivå. Gapet mellom staten og industrifunksjonærane nærmar seg 150.000 kroner i årslønn, og det er veksande. Her ligg også ein del av forklaringa på at staten må kjøpe ikt-kompetanse.

Og i tillegg bør statsråden sjekke kva ein høgskulelektor eller amanuensis tener. Altså dei som er med på å utdanne og utvikle kompetanse som landet treng. Lønna er langt under det næringslivet tilbyr, og til og med under nivået for samanliknbare stillingar i andre delar av offentleg sektor. Ikkje underleg at staten strevar i kampen om kompetanse. Dette lønnsgapet – underkjenninga av kompetansen ved universitet og høgskular – var ein del av grunnlaget for Uniostreiken i staten i 2012.

Same kor velmeint det er. Tre doktorgradsstillingar er inga storsatsing. Staten må skjerpe seg i kampen om kompetansen.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv