Unio-leiaren sin replikk:

Er moderasjon svaret?

Prisane stig kraftig. Det same gjer renta. Stadig fleire har problem med kvardagsøkonomien. Unge med lang utdanning slit med å skaffe seg eigen bustad, særleg i byane. Det viser den såkalla sjukepleiarindeksen. Det er i denne situasjonen enkelte hevdar at det einaste rette er moderasjon frå lønnstakarane. Då vel dei å sjå vekk frå at hovudbildet er at norsk økonomi går godt.

Publisert: 16. januar 2023

Det verkar som om somme meiner at det har vore lønnsfest for arbeidstakarane dei siste åra. Det er visst nødvendig å minne om at det siste året har det vore reallønnsnedgang. I nokre bransjar i privat sektor har det kanskje vore ein slags lønnsfest. Det gjeld i alle fall ikkje for utdanningsgruppene i det offentlege, tvert imot.

Saman med krava om moderasjon, blir det gjerne vist til at ein bør gjenopplive «solidaritetsalternativet» frå 90-talet. Ein repetisjon av «solidaritetsalternativet» er i alle fall ikkje rett medisin. Hovudproblemet den gongen var høg arbeidsløyse. Altfor mange stod utanfor arbeidslivet. Det var bakgrunnen for at det kom i stand ein moderasjonsavtale mellom LO, NHO og AP-regjeringa. Gradvis blei sysselsettingssituasjonen betre. Dei som stod bak avtalen har naturleg nok hevda at den var ein suksess. Andre har vist til at betringar i internasjonal økonomi var langt viktigare både for sysselsettinga og for betringa i norsk økonomi enn solidaritetsalternativet. I 2000 stemte LO-medlemmer ned oppgjeret i privat sektor, fordi dei meinte det var for moderat.

Solidaritetsalternativet var i alle fall ingen suksess for utdanningsgruppene i offentleg sektor. Den gongen blei både ramma, og i stor grad profilen, frå frontfaget, direkte overført til offentleg sektor. Dermed blei det oppgjer med klar låglønnsprofil. Funksjonærane i privat sektor, og i uorganiserte bedrifter, merka mindre til moderasjonslina. Det auka lønnsgapet mellom utdanningsgruppene i offentleg og privat sektor.

Noko av det same skjedde i andre halvdel av 1980-talet. Også då var det økonomiske krisetider, og lønnsveksten i åra før hadde vore ekstra stor i den uorganiserte delen av arbeidslivet. For å dempe lønnsveksten og å styrke konkurranseutsett sektor, gjekk regjeringa til det uvanlege steget å vedta lønnslov for perioden 1988–90. Oppgjera blei ikkje heilt suspenderte, men «frie forhandlingar» var det ikkje. Då SSB oppsummerte erfaringane med lønnslova, blei det mellom anna peika på at resultatet var ein tydeleg låglønnsprofil.

Erfaringane frå både 80- og 90-talet viser at slike ekstra moderasjonsgrep kan ha negative, og til del utilsikta, konsekvensar. No kan ein heller ikkje bruke stor arbeidsløyse som grunn til slike inngrep. Det er snarare motsett. Det er mangel på arbeidskraft i mange bransjar. Særleg er det kritisk innan helse og utdanning i det offentlege.

For Unio er vi heilt i starten av førebuingane i tariff 2023. Det er faktisk slik at 2022-oppgjeret for lærarane ikkje er klart. Rikslønnsnemnda har varsla at resultatet etter lærarstreiken, utruleg nok, ikkje er klart før i februar! Dette tyder på eit system i ulage.

Tariffpartane er vel kjende med viktige element i den økonomiske situasjonen, både nasjonalt og internasjonalt. Både partane og styresmaktene er dessutan godt kjende med behova for å rekruttere kompetent personell, ikkje minst til helse- og utdanningssektoren.

Det er ingen grunn til å lansere slagord – enten det er «moderasjon» eller «lønnsfest» – som styrande for årets tariffoppgjer. Det kan tvert imot vere uheldig, og skape unødige frontar og forventningar.

Norsk økonomi er trass alt sterk. Difor er det betre å gi idealet om «frie forhandlingar» eit reelt innhald, også i praksis.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv