Unio-leiaren sin replikk:
Harselas med nytalen
Ein gong på 70-talet sa den godaste Hans Skjervheim, filosofen og debattanten frå Voss, om lag følgjande til ei forsamling skulefolk. «Pass på så de ikkje vert valdtekne av business-språket. Skjer det, har de tapt», slo han beiskt fast. Han viste til at språket styrer tanken.
Publisert: 26. mars 2013
Åtvaringa var på sin plass. Men ikkje eingong Skjervheim nådde fram. Nytalen slo gradvis inn, særleg i politikken og i offentleg sektor. Og det starta eigentleg før New Public Management- ideane fekk fotfeste for fullt. Men med NPM var nytalen på vinnarsporet.
Ei stund var det slik at skulle du gjere suksess i det offentlege, kunne du knapt snakke norsk. Bere ta eit blikk på ein del «styringsdokument» og stillingsannonsar frå tidleg 90-tal. Det var då hetsen mot rektor, skulestyraren, som den fremste blant like starta. Sjølvsagt kunne ikkje resultateiningsleiaren vere den fremste blant like. Poenget med nytalen var å endre praksis og tankegang.
No tar Arne Klyve og Jon Sæverud til motmæle. Den eine er klinikkleiar, den andre lektor – begge frå Bergen. I «Ordbok for underklassen» vil dei avsløre herketeknikkane. Og dei vil forsvare kvardagsspråket. Dei harselerer med H(uman) R(esource)-sjefen, friskhetsnærvær, medarbeidertilferdshetsundersøkelse, dialogmøte, samhandlingsreform, styringsdialog og ei rekkje andre nytaleord som fløymer over oss. I så stort omgang at dei slett ikkje er så berekraftige som konsulentane vil ha det til.
Og vi er ikkje fri for nytale i fagrørsla heller. Vi har både vore på oppfinnarsida og på brukarsida. Brukar er i seg sjølv eit nyord vi ofte bruker, når vi meiner pasientar eller elevar eller kort og godt folk eller innbyggarar. Og dialogmøte har vi og eit visst ansvar for. Det kom for fullt i IA- avtalen – avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (sic!). I tillegg har vi tariffspråket. Kanskje ikkje først og fremst nytale. Heller konservativt, men ofte nokså ugjennomtrengeleg for «brukarane».
Takk til Klyve og Sæverud som rister i oss, og minner oss om galskapen. Og for at dei med spissformulert humor bruker raudblyanten.
Og så kan eg endå ein gong seie: eg er motstandar av alle reformer som startar med kvalitet. Oftast er dei uklare i innhald. Det einaste sikre er at dei er underfinansierte. Og dei tilsette helst skal syte for at det ikkje kjem til synes.
God påske!