Unio-leiaren sin replikk:

Eit formidabelt bomskot

For ei vekes tid sidan stod eg framfor Stortinget. Eg skulle halde ein appell. Det var langt frå første gongen. Tvert imot. Appell er ein velkjent sjanger i fagrørsla. Vi samlar folk, vi demonstrerer og markerer ei sak med skarpe og samlande ord. Somme gonger er det kamp mot, andre gonger kamp for ei sak.

Publisert: 21. september 2020

Denne gongen var det ei heilt spesiell sak. Det handla om ei sak der ein skulle tru at arbeidstakar og arbeidsgjevar burde stå samla: Heiltidsstillingar for fleire!
Slik var det slett ikkje. Arbeidsgjevar hadde saksøkt fire sjukepleiarar ved Sykehuset Østfold.

Og kva var lovbrotet? Jau, dei fire sjukepleiarane hadde søkt om å få utvida delstillingane sine. Dei viste til arbeidsmiljølova. Dei ville arbeide heiltid! Det enda i søksmål frå arbeidsgjevar. Ein absurd situasjon. Eit formidabelt bomskot.

Dette skjer midt i koronapandemien, der mange arbeidstakarar, og særleg sjukepleiarar, har strekt seg langt for å handtere pandemien.

Sjølv om arbeidsrettsekspertane i tvisteløysingsnemnda, med representantar frå både fagrørsla og arbeidsgivarorganisasjonar, har gitt dei tilsette rett til heile stillingar, så ville ikkje arbeidsgjevaren gi seg. Sykehuset Østfold sender i staden advokatane sine på sjukepleiarane og vil bruke domstolane for å sleppe å gi dei heile stillingar.

Dette er ei prinsippsak, seier arbeidsgjevaren. Leiarskapet i alle sjukehusa står visst nok bak Sykehuset Østfold. Dei fryktar at saka skal skape presedens. Tenk det, sjukehusleiinga her til lands er redde for at sjukepleiarar skal ønske å arbeide heiltid! Det er ikkje til å tru.

«Vi må få frem en heltidskultur, vi må gjøre det attraktivt å jobbe i helsevesenet og vi må få folk til å stå lenger i jobb.» Dette sa helseministeren til bladet Sykepleien for ei tid sidan. Statsråd Høie bør ta ein prat med desse leiarane. Dei saboterer nasjonale målsettingar, og fortener ei skjennepreike og eit rapp over fingrane. I alle fall kan det vel verken bli bonustillegg eller andre lønnshopp for direktørane i år?

Kampen for heile faste stillingar er ein gammal strid, og kravet har alltid vore eit rettferdig krav. Det handlar om å sikre vern og velferd gjennom gode og trygge tilsettingsformer. Og det handlar om kvalitet i tenestene.

Midt under demonstrasjonen ved Stortinget kom meldinga om at retten hadde avvist saka av formelle grunnar. Det var direktøren som stod bak søksmålet. Retten meinte at det var styret som hadde fullmakta til å gå til sak på dette grunnlaget.

Så får vi i det minste håpe at styret for Sykehuset Østfold innser at søksmål mot eigne tilsette ikkje er vegen å gå for å skape attraktive arbeidsplassar. Sjukehusa må i staden legge seg i selen for å rekruttere kompetent personell. Det er eit viktig grunnlag for at pasientar får den kvaliteten dei skal ha.

Dette søksmålet var og er eit formidabelt bomskot.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv