Unio-leiaren sin replikk:
Debatt og deltaking
Nyleg fall det eit premiedryss over to av fagblada i Uniofamilien. Både Politiforum og Sykepleien fekk prisar og heiderleg omtale av Fagpressa. Det handlar om god journalistikk og om kreativ layout – kort sagt, prisar for fagleg godt arbeid. Gratulerer til prisvinnarane. Og til tidlegare vinnarar. Både bladet Utdanning og andre har fått liknande prisar tidlegare.
Publisert: 8. juni 2015
I fagrørsla framhevar vi ofte dialog og debatt som grunnsteinar for demokratiet, også for organisasjonsdemokratiet. Vi krev innsyn og svar frå politikarar, forvaltning og bedrifter når vi skal utøve rolla vår på vegne av medlemmer. Vi bruker ulike media når vi som tillitsvalde og medlemmer skal meine og påverke, og kritisere.
Fagpressa med sine mange organisasjonsblad og nettportalar er viktige kanalar både for medlemmer og for tillitsvalde. Fagblada er dermed aktørar i samspelet mellom medlemmer og organisasjonsapparatet, og dermed ein del av deltakardemokratiet.
Vi skulle gjerne hatt eit organisasjonsblad i Unio. Det har vi ikkje. Nettopp difor prøver eg å følgje med i blada som medlemsforbunda i Unio gir ut. Eg skryter ikkje på meg å lese frå perm til perm, men blada er gode kjelder til informasjon. Ikkje minst er debattstoffet av interesse. Det tar pulsen på organisasjonane.
Men organisasjonsblad er ikkje berre idyll. Alle er «eigarar» – medlemmer, tillitsvalde sekretariat, og organisasjonsleiing , og sjølvsagt redaktøren og redaksjonen. Meiningane er mange om det som står på trykk, og om det som ikkje får plass. Sjølvsagt kan det oppstå spenningar om kva som gagnar organisasjonen best. Formålet er i stor grad det same, men rollene ulike. Det er skilnad på politiske mål og vedtak som styrer organisasjonen, og redaktørplakaten som er rettesnora for redaksjonen. Difor kan det ligge ei latent spenning mellom langsiktige politiske strategiar og gode redaksjonelle saker på trykk. Og mang ein forbundsleiar har nok kjent blodtrykket stige når tabloide saker har kome på ”feil” tidspunkt.
Likevel – alternativet er dårlegare, langt dårlegare. Færre saker ut til medlemmer og til omverda, og trongare rom for debatt og deltaking.
Offensive organisasjonar blir sterkare av gode fagblad. Sjølv om nye kommunikasjonsformer og sosiale media er på frammarsj. Fagblada overlever nok fjesboka, om enn i stadig nye former.