Unio-leiaren sin replikk:

Tøffare advokatar for barn og unge

Ofte – altfor ofte – høyrer vi om barn som blir utsette for omsorgssvikt og overgrep. Til tider er det tale om så grove ugjerningar at dei er vanskelege å fatte. Korleis kan vaksne, for ikkje å seie nære omsorgspersonar, gjere slikt mot barn?

Publisert: 17. januar 2011

Det kan handle om fysisk og psykisk vald, seksuelt misbruk. Om barn som blir truga og tvinga til kriminalitet. Eller om barn og unge som blir forlatne og ikkje kan ta vare på seg sjølv. Rett og slett fordi dei næraste sviktar. Dette kan ikkje tolererast.

Vaksne har og skal ta eit større ansvar enn barn. Det gjeld i alle situasjonar. Og det gjeld enten vi er borgarar, medmenneske eller om vi står i profesjonelle oppdrag.

Same kva rolle vi har, må vi spørje: Kven hjelper på rette måte? Til rett tid? Og kven tar den vanskelege samtalen? Eller leverer bekymringsmelding? Og følgjer opp? Eller er det freistande å skuve teieplikta føre seg? Slik at barnet eller ungdomen fell mellom fleire stolar.

Dagleg møter Unios medlemmer hundretusenvis av barn og unge. Og i tillegg kjem kontakten med foreldre og føresette.

I mange tilfelle står profesjonelle Unio-medlemmer og tillitsvalde midt i problema, omgitt av tronge budsjett. Vi skal sjølvsagt presse på i politikken og arbeide for betre rammevilkår. Men vi har også plikt til å strekke oss langt for å finne løysingar.

Unio skal vere tøffare og tydelegare advokatar for barn og unge. Særleg for barn og unge på skuggesida. Mange risikerer å kome skeivt ut. Vi skal fronte ein verdikamp. Det handlar om ein arena der Unio og medlemsforbunda har rikeleg med kompetanse.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv