Unio heiar på studentane
No er diverse fadderdagar og introduksjonsprogram over og alvoret i gang for studentar ved universitet og høgskular – både for dei nye og dei erfarne. Framover er det hardt arbeid som gjeld.
Publisert: 3. september 2018
Nærare 300 000 studerer no ved universitet og høgskular. Ein formidabel auke frå mi eiga studietid på 80-talet. Den gongen var det tale om 100 000 studentar. Som igjen representerte ein kraftig vekst frå 10-året før.
Høgre utdanning var eliteutdannning. No kan vi snakke om masseutdanning. Meir enn ein tredel av gruppa mellom 19–24 år er i dag i høgre utdanning. Om 10 år tilseier prognosane at 40 prosent av denne gruppa tar høgre utdanning.
Det er grunn til å spørje om utdanningsinstitusjonane har greidd overgangen frå elite til masseutdanning godt nok. Og kva med studentane? Er dei budde på lange studiar? Og på at gode resultat krev hardt arbeid over tid? Vi veit at det er svært store skilnadar mellom ulike utdanningar når det gjeld studieinnsats målt i arbeidstimar per veke.
Fråfallet i høgre utdanning er høgt, men har fått mindre merksemd enn fråfallet i vidaregåande utdanning. Og berre om lag ein tredel av studentane oppnår bachelorgrad på normert tid. Her trengst skjerpings frå alle ansvarlege – politikarar, institusjonar og studentar.
Det er mange og breie vegar til studiekompetanse her til lands. Men er alle som «får» denne kompetansen tilstrekkeleg kompetente? Hovudvegen til å bli studiekompetent – generell studiekompetanse – går gjennom å bestå eit av dei studieførebuande utdanningsprogramma i vidaregåande med seks fellesfag som kjerne.
Både politikarar og professorar klagar over det faglege nivået. «Løysinga» er i mange tilfelle å innføre spesielle opptakskrav. Enten i form av bestemte krav til fagkombinasjonar og fordjuping, eller i form av bestemte karakternivå. Som i lærarutdanninga. Ein tredel av opptaket i høgre utdanning er no basert på krav utover den generelle studiekompetansen (spesiell studiekompetanse).
Det er minst to ulemper ved dette. Den eine er at det skaper eit uoversiktleg system for dei unge. Den andre er at det svekkjer vidaregåande skule som ein viktig sertifiseringsinstans for høgre utdanning.
Stort fråfall og svak gjennomføring er verken bra for studentane, for institusjonane eller for samfunnet.
Men svaret er ikkje å krevje at færre skal få studere, slik vi til tider høyrer. Det er trass alt fleirtalet (to av tre) av dagens ungdomsgruppe som ikkje studerer. Det er altså ikkje slik at for mange studentar undergrev tilgangen til andre utdanningsnivå og yrkesgrupper.
Det er gode grunnar til å sjå nærare på krava til generell studiekompetanse. Men eit like viktig tiltak er eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning.
Og aller viktigast: Høgre utdanning skal ikkje redusere dei faglege krava til å studere, men det må utviklast undervisning og læringsformer som i større grad er tilpassa dagens studentar. Skal undervisning og forsking gå hand i hand, må begge delar verdsettast meir likt i høgre utdanning.
Det fortener studentane. Dei fortener også at vi alle heiar på dei. Dei har valt ein viktig veg med tanke på å sikre verdiskaping og velferd for oss alle.