Unio-leiaren sin replikk:
Dobbeltkommunikasjon
Erna Solberg har nådd eitt av sine store mål: Ei fleirtalsregjering på borgarleg side. Korleis det går, står att å sjå. Motgang i fleng har meldt seg med ein gong både på meiningsmålingar og i den offentlege debatten. Det gjeld ikkje berre abortsaka.
Publisert: 28. januar 2019
Også på andre område er det grunn til å rette kritikk mot regjeringa.
Unio har fleire gonger retta skarp kritikk mot dei årlege effektiviseringskutta i statleg sektor. Desse ostehøvelkutta, som blir kamuflert som ei reform, «avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma» eller ABE-reforma, er og blir ein feig metode for å auke arbeidspresset i staten, inkludert sjukehusa.
Kommunalministeren skryter i desse dagar av at det er blitt 5000 færre tilsette i staten i løpet av eitt år. Ikkje underleg at det blir færre tilsette når pengane krympar. Ikkje nok med det. Staten er ein versting når det gjeld overforbruk av mellombelse stillingar. Det gjer det lettare å kvitte seg med folk. Sjølv om arbeidsoppgåvene framleis er der.
Kutta handlar meir om prinsipp enn om pengar. Men prinsippa er tøyelege. Talet på statsrådar blir auka med 10 prosent, og i tillegg kjem stadig fleire statssekretærar og rådgjevarar. Statsministeren er i sin fulle rett når ho løyser sine eigne politiske problem gjennom å bruke meir offentlege pengar. Likevel, vi forventar i det minste ei endring av kuttstrategien som rammar tilsette og tenester folk skal ha. Det vi høyrer no er dobbeltkommunikasjon.
I regjeringsplattforma blir det slått fast at regjeringa vil «legge til rette for et organisert arbeidsliv og et velfungerende trepartssamarbeid». Bra. Men endå betre ville det ha vore viss regjeringa viste at dei meiner alvor. Til dømes ved å auke fagforeiningsfrådraget. Det skjer ikkje. Tvert imot. Frådraget har stått stille sidan 2013, og har tapt og taper verdi kvart år. Motivet for å vere fagorganisert ligg ikkje først og fremst i dette skattefrådraget.
Men det er underleg å registrere at arbeidsministeren meiner at auka fagforeiningsfrådrag ikkje har særleg effekt. Trua på skattelette har tydelegvis forvitra i denne saka. Derimot stig fråtrekka for arbeidsgjevarane, i takt med lønnsveksten. Og i same avsnittet der regjeringa framhevar at det er ein konkurransefordel for Norge å ha høg organisasjonsgrad, blir det sagt at regjeringa «anerkjenner at mange arbeidstakere velger å være uorganisert». Javel. Det er faktisk organisasjonsfridom her til lands. Men å understreke dette i denne samanhengen framstår som reinhekla dobbeltkommunikasjon!
Denne «anerkjenninga» kom inn i regjeringsplattforma saman med Venstre. Og blir altså repetert no. Forhåpentlegvis er det ikkje slik dobbeltkommunikasjon som vil prege arbeidet for likestilling, som venstreleiaren no har fått ansvaret for. Likestillingspolitikk og arbeidslivspolitikk er to sider av same sak. Det kan sjå ut til at denne samanhengen blir «anerkjent» også i regjeringsplattforma. Om enn ikkje så tydeleg som Unio hadde forventa.
I alle tilfelle: Unio og medlemsforbunda vil stå på for å vise at regjeringa har rett: «..det er en konkurransefordel for Norge med et likestilt og inkluderende arbeidsliv med høy organisasjonsgrad».
Det skal vi gjere med tydeleg tale. Og gjennom samarbeid. Dobbeltkommunikasjon eller ikkje.