Universitetspolitikk på feil kurs

Universitet og høgskular er ein viktig del av nasjonalkapitalen. Desse institusjonane spelar framleis ei viktig rolle for nasjonsbygginga og for samfunnsutviklinga. Det er nok dei fleste einige i. 

Publisert: 30. april 2018

Dette skjer no på tre område:

1. Regjeringa har gjennom effektiv bruk av pisk og gulrot fått gjennom det meste av strukturreforma. Større institusjonar skal gi betre effektivitet. At det også over tid fører til sentralisering av makt og oppgåver, er sikkert å sjå på som ein bonus.

2. I tariffoppgjeret er målet å avvikle det nasjonale ansvaret for lønns- og personalpolitikken. Dette skal ut til dei lokale verksemdene, er målet. Balansen mellom det nasjonale og det lokale er det gode grunnar til å diskutere. Men då kan ein ikkje, som staten legg opp til, starte med å demontere det nasjonale ansvaret for lønnspolitikken.

3. I dette bildet passar det «godt» med ein ny styringsmodell for universitet og høgskular. «Foretaksmodellen» skal utgreiast, som det heiter. Rett nok pakka inn i eit vidare mandat, og med forsikringar om «autonomi» for sektoren. Men bestillinga synest klar: meir business. Modellen er sjukehusa. Frå leiarskapet der høyrer vi meir om budsjett enn om helse.

Slik regisserer regjeringa omkampen etter nederlaget tidleg på 2000-talet. Då prøvde Kristin Clemet å fristille universiteta, mellom anna gjennom eit utvalsarbeid. Regjeringa håper nok at sektoren no er meir «moden» for ei slik endring. Kanskje stemmer det?

I alle fall verkar det som sektoren no i større grad lar seg lar seg påverke av pisk og gulrot-strategien. Regjeringa har dessutan den internasjonale marknadsvinden, prega av konkurranse om pengar og prestisje, i ryggen. Ein del av denne trenden er næringslivet sine ambisjonar om å påverke prioriteringane i kunnskapssektoren.

Professor Francis Sejersted framheva ein gong to gode argument for forsking og kunnskap: Kulturargumentet og økonomiargumentet. Sjølv la han nok mest vekt på kulturargumentet.

På eitt område vel regjeringa ein heilt annan strategi: Detaljert nasjonal styring.

Regjeringa, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, veit nemleg at kontorplassar på 23 kvadratmeter, helst i opne landskap, er best for statleg tilsette, også for fagfolka ved universitet og høgskular.

Det minner om ei regjering i styrings-spagat. Men mest er det vel unntaket som stadfestar regelen.

Pengar er viktige. Men når økonomiargumentet utkonkurrer kulturargumentet, blir det politikk på feil kurs.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv