2,8 – ingen fasit

Ikkje før er tariffoppgjeret i industrien over, før forhandlingane i offentleg sektor er i full gang. Offentleg sektor omfattar meir enn tre gonger så mange tilsette som industrien. Oppgjeret i industrien er no til uravrøysting, med frist 26. april. Den økonomiske ramma er berekna til 2,8 prosent.

Publisert: 16. april 2018

Like føreseieleg som at 1. april kjem før 1. mai, er meldingane frå frontfagsaktørane til resten av Tariff-Noreg: «Hold dere innenfor 2,8 prosent» (Aftenposten 14. april).

Då må eg minne NHO og LO om at det er ein skilnad på norm og fasit. Og eg må også minne om at det i Holden III-utvalet si innstilling frå 2014 blei tydeleggjort at frontfagsresultatet verken er golv eller tak for lønnsveksten.

Lønnsveksten etter 2014 har vore tilnærma lik for store deler av arbeidslivet. Den har også vore låg. I 2016 var til og med lønnsveksten lågare enn prisveksten, og for dei fleste blei dermed reallønna dårlegare. Grunngjevinga for den ekstra låge lønnsveksten har dels vore oljeprisfallet, og dels at norsk eksportindustri generelt har hatt svak konkurranseevne.

Difor er det all grunn til å merke seg at årslønna for industrifunksjonærane i 2017 er om lag 740 000, medan gjennomsnittslønna i staten er 574 000 og snittlønna i undervisningssektoren er 552 000 kroner. Det beste som kan seiast om dette er at industrien veit å verdsette utdanning og kompetanse langt betre enn offentleg sektor gjer.

Ein av konsekvensane er at det er skrikande mangel på høgt utdanna personale i offentleg sektor. Ikkje minst er det kritisk når det gjeld sjukepleiarar og lærarar. Også i høgre utdanning er det krevjande å rekruttere og behalde fagfolk på fleire område.

Både på kort og lang sikt er det uakseptabelt at frontfagsramma skal fungere som eit hinder for å rekruttere nødvendig kompetanse til viktige deler av arbeids- og samfunnslivet. Men dette skjer.

Kanskje er ikkje dette først og fremst frontfagsmekanisme, sjølv om NHO og LO framstiller det slik. Vel så mykje er dette eit resultat av at arbeidsgjevarar i offentleg sektor har blitt freista til å misbrukefrontfagsresultatet. Tendensen har vore å late som om ramma ikkje er ein del av forhandlingane, men gitt på førehand. Dette er å innskrenke forhandlingsretten for 800 00 tilsette! Det er å legge forhandlingane i ei tvangstrøye.

I staden for å bruke lønn som rekrutteringstiltak, er mekanismen å redusere kompetansekrava. Dermed blir det fleire ufaglærte i skulen, for å bruke eitt døme. Tilsvarande gjeld for helsesektoren, særleg i kommunane, der mangelen på sjukepleiarar er prekær.

Dette kan ikkje halde fram. Og slett ikkje viss arbeidsgjevarar og politikarar meiner alvor når dei snakkar om rekruttering og kvalitet.

Då kan heller ikkje 2,8 vere ein førehandsfasit. Difor har eg sagt at vi bør sjå 3-talet. Det vil vere både å ta rekrutteringsutfordringane på alvor, og det vil vere å ta den normgjevande effekten av frontfaget på alvor.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv