Unio-leiaren sin replikk:

Relevant utdanning?

Ei rekkje utgreiingar dei siste åra har peika på behovet for nye strategiar og tiltak for at folk skal kunne «lære heile livet». Dei fleste innser at dersom livslang læring settast ut i livet, må utdanningsinstitusjonane spele ei hovudrolle. Det gjeld frå vidaregåande til høgre utdanning. Men kven og kva skal styre politikken? Og dermed tilboda som skal gjevast?

Publisert: 16. september 2019

Så langt er det mange som undervurderer den viktige rolla vidaregåande skular kan spele når det gjeld å sette ein ny kompetansestrategi ut i livet. Vidaregåande er portalen både til arbeidslivet og til høgre utdanning. Og sjølv om sentraliseringa har gjort sitt inntog, er det framleis eit regionalt nett av vidaregåande skular landet rundt. Dei kan og bør få eller ta ei rolle som lokale og regionale kompetansesentera, som treffer langt fleire enn ungdomsgruppa.

Ei utdanningsreform retta mot «å lære heile livet» ber i seg framtidsretta ambisjonar, men også mange spenningar: Kva skal vere innhaldet? Kven skal bestemme? Og kven skal finansiere?

Akkurat no kan det sjå ut til at utdanningssystemet møter nye forventningar med litt for lite sjølvtillit. Kravet om «arbeidslivsrelevans» ser ut til å vinne fram i politikken, utan at relevans blir definert eller problematisert.

Markussenutvalet (NOU 2019: 12 «Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranseevne») går langt i å sette næringslivet i førarsetet: næringslivet sine behov skal vere førande for utdanningstilbodet. Utvalet innskrenkar seg ikkje til etterutdanningstilbodet i så måte. Dette er ein risikabel veg å følgje. Næringslivet er slett ikkje alltid dei beste til å spå om framtida.

At denne haldninga pregar debatten om etterutdanning er ein ting. Verre er det at kravet om arbeidslivsrelevans trengjer seg på også inn i grunnutdanningane på ulike nivå. Utdanninga si oppgåve femner langt vidare enn til å dekke krava til skiftande og ofte motstridande straumar i arbeidslivet.

Det er behov for å gjere ein grensegang:

Når næringslivet – enten det er offentlege eller private bedrifter – etterspør utdanning her og no, må utdanningsinstitusjonane vere lydhøyre. På dette området veit bedriftene best. Når salige Jens Petter Ekornes kom til «min eigen» skule og sa at eg har nokre medarbeidarar som må lære meir tysk, så fekk dei tilbod om tyskopplæring. – Men dei må kunne meir enn å forklare monteringsvisningane for Stresslessen på tysk, la han til. Dei må ha bagasje både når det gjeld litteratur og kultur! Han var ingen smalspora instrumentalist – han var ein god seljar!

Men når det gjeld utdanningspolitikken kan ikkje kortsiktige «relevansinteresser» ha handa på rattet, verken i vidaregåande eller i høgare utdanning. Kunnskap og danning i vid forstand blir aldri irrelevant. Snarare tvert imot. Eg har høyrt enkelte næringslivsleiarar snakke nedlatande om både Shakespeare og Ibsen som pensum. Begge må vel kallast relevante…

Dessutan, når endringstempoet er høgt trengst det både kunnskap og innsikt nok til både å stille spørsmål og å vurdere alternative løysingar. Framtida er ikkje berre i morgon, minst like mykje om 10 år. Og då kan dagens «relevans» vere irrelevant. Utdanning er langsiktig investering.

Men dialogen mellom utdanningslivet og arbeidslivet må bli betre. Til tider har det vore for mykje «avstandsromantikk». Partane har i større grad snakka om kvarandre enn med kvarandre.

Utdannarane må rette ryggen, og oftare invitere seg til resten av arbeidslivet. Det kan det bli meir relevans av – både på kort og lang sikt.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv