Unio-leiaren sin replikk:
Moderasjonspress på Stortinget
FrPs Kjetil Solvik Olsen er ein flink fyr. Han verkar som ein reflektert og kunnskapsrik stortingsrepresentant. No vil han ikkje vere på Stortinget lenger. Det er greitt. Og noko han skal ha grunngitt avgangen med, gjer det ekstra greitt.
Publisert: 1. oktober 2012
Solvik Olsen meinte at godtgjersla stortingsrepresentantar får er så låg at ein går glipp av folk frå arbeidslivet. Han viste til at folk kanskje må ned frå ei lønn på 1,2 million til berre 780 000 kroner. Dermed går nasjonalforsamlinga glipp av ønska erfaring og kompetanse.
Det kan sikkert skje. Men det store demokratiske underskotet skaper det neppe. Snittlønna her til lands er om lag 475 000 kroner. Så sjølv om vi nok hadde både tolt og godtatt at stortingslønna var høgre, verkar Solvik Olsen å vere på villspor.
Andre har klaga over at nasjonalforsamlinga er altfor dominert av offentleg tilsette. Det held ikkje lenger. 26 prosent av representantane kjem frå det offentlege. Altså under omfanget av offentleg tilsette i arbeidsstyrken. At næringslivet er underrepresentert, om lag 1/3 av representantane, kjem knappast av lønnsnivået. Kanskje er dei ikkje interesserte nok? Eller kanskje blir dei utkonkurrerte av politiske broilerar? I alle fall er det partiapparata sjølve som syter for den størst vekstgruppa i Stortinget: Over 20 prosent kjem frå parti og organisasjonar. Politikken er arbeidslivet for desse. Slik det har vore ei stund for Kjetil Solvik Olsen. Men no vil han ut i eit anna arbeidsliv – ut av moderasjonspresset på Stortinget.