Unio-leiaren sin replikk:

Mesternes master

Det er kjekkare å følgje «Mesternes mester» enn å observere media si jakt på masteroppgåvene til statsrådar og andre politikarar. Men der er kanskje parallellar. Dei «gamle» idrettsheltane måler krefter på øvingar som ikkje alltid er særleg relevante for tidlegare konkurransar. Karakterane på eventuelle masteroppgåver treng heller ikkje vere relevante for politikarane sine prestasjonar.

Publisert: 29. januar 2024

Ein student var provosert over at Sandra Borch nærast straffeforfølgde ein annan student som var mistenkt for fusk. Difor granska han statsråden si masteroppgåve og avslørte at ho hadde henta ein god del tekst frå andre kjelder utan å oppgi dei. Sandra Borch skjønte raskt at dette kunne ikkje ein statsråd med ansvar for forsking og høgare utdanning leve med. Ho agerte resolutt, og trekte seg frå statsrådposten. Ho viste meir klokskap som statsråd enn ho gjorde som student for nokre år sidan. Den gongen bomma ho grovt.

Saka trigga fleire medieredaksjonar, og snart stod helseminister Ingvild Kjerkhol lageleg til for hogg. Ho hadde også levert ei masteroppgåve som kunne tyde på at ho hadde henta stoff frå andre i strid med akademiske reglar og praksis. Ho avviste dette klart og tydeleg, og viste til at ho og medstudenten berre hadde brukt same metode som andre. Det kom likevel raskt fram at det var fleire innslag av avskrift i Kjerkhols masteroppgåve, levert som eit gruppearbeid medan ho var stortingsrepresentant. Dermed auka presset mot både statsråden og statsministeren. Kan ho vere statsråd med skuldingar om akademisk fusk hengande over seg? Statsministeren har i realiteten overlate til Nord universitet å ta stilling til dette. Det kan verka som om han har «outsourca» eit spørsmål som, når alt kjem til alt, handlar om politisk tillit.

Også utdanningssystemet er avhengig av tillit. Debatten i etterkant av dei aktuelle sakene har vore både heftig, interessant og urovekkjande. Men ikkje alt har vore like tillitsbyggande. Alle er einige om at fusk er uakseptabelt, og at fusk skal straffast. Men vurderingane av kva som er fusk og kva som kan aksepterast som slurv, har sprika meir enn godt er. Det er urovekkjande og overraskande at fagfolk frå akademiske institusjonar vurderer slike forhold så ulikt, som vi har sett i det siste. Når det er så ulike syn på spørsmål om fusk og plagiering, blir det naturleg nok reist spørsmål om det også er store sprik når det gjeld fagleg kvalitet, og kva for krav som skal stillast til ei masteroppgåve? At det tradisjonelt er ulike tradisjonar når det gjeld bruk av karakterskalaen, er velkjent. Men vi må legge til grunn at universiteta legg ein tilnærma lik standard til grunn for sine faglege vurderingar. Det verkar som om sektoren no bør ta eit sjølvkritisk blikk på sin eigen praksis.

Norsk studentorganisasjon har etterlyst eit klarare regelverk. Det er nødvendig, ikkje berre i lys av politikarane sin masteroppgåver, men av omsyn til studentane sin rettstryggleik. Dette er eit politisk ansvar, og ei opplagt oppgåve for professor Oddmund Løkensgard Hoel, som no har overtatt som statsråd for forsking og høgare utdanning.

Somme har brukt denne debatten til å repetere påstandar om at Noreg er plaga av ei «mastersykje». Det er feil. Kvalitet og relevans på masteroppgåvene kan sikkert diskuterast. Men det er relativt færre som tar høgare utdanning her i landet enn i mange andre land vi ofte samanliknar oss med.

Media skal ha eit kritisk blikk på makta og eliten. Men av og til tippar det over. Som når enkelte brukar tid og krefter på å «avdekke» kva for karakterar statsrådar og andre politikarar har oppnådd. Då slår eg heller over på «Mesternes mester».

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv